Osterøy kommune - Brakabu

Dagsturhytta på Osterøy heiter «Brakabu» og er plassert på Erstadfjellet. Hytta vart opna 21. desember 2021.

Bilde av Brakabu, Dagsturhytta i Osterøy kommune
Brakabu, Dagsturhytta i Osterøy kommune. Foto Linda Judith Svidal Nordås.

Tilkomst og parkering

Det er parkering på offentleg parkeringsplass i Valestrand sentrum. Første til venstre når ein kjem med ferja frå Breistein.

Ein kan òg køyre til Erstad for å parkere. Dette er privat veg/privat parkering, og ein betaler med VIPPS eller via bank. Det er satt opp skilt der privat veg startar. Frå brua kan ein og følgja vegen til Valestrand, og ta av ved skilt «Daltveit/Brakvatn» 1 km før Valestrand sentrum.

Stien til hytta

Frå offentleg parkeringsplass i Valestrand sentrum følgjer du skilta til «Åsen». Frå Erstad følgjer du turskilt til Dagsturhytta.

Avstandar

Avstand frå Erstad er 1,6 km. Frå parkeringsplassen i Valestrand sentrum er det 4,3 km.