Rettleiar for kommunale trafikktryggingsplanar

Kommunale trafikktryggingsplanar er ein særs viktig del av kommunane sitt trafikktryggingsarbeid, gjennom forankring av mål og tiltak, og tydelege føringar.

Ein plan skal vere ei støtte og hjelp for kommunen i sine prioriteringar, samt eit viktig innspel til andre vegeigarar, slik som fylkeskommunen, på kva tiltak kommunen ønskjer å få prioritert. Planar som konkretiserer tiltak og arbeid på tvers av kommunen si verksemd er eit godt utgangspunkt for å lukkast i det kommunale trafikktryggingsarbeidet.

Fylkeskommunen vil styrka kommunane sine insentiv for å prioritera arbeidet med trafikktryggingsplanar, og har difor krav om oppdatert trafikktryggingsplan for å få tilskot til fysiske tiltak, i tillegg til ei eiga tilskotsordning til kommunale trafikktryggleiksplanar.

Vestland fylkeskommune og Trygg Trafikk har eit ansvar for å sikra eit godt samarbeid på tvers og samordning av det fylkesvise trafikksikringsarbeidet. Difor har me mellom anna utarbeidd ein rettleiar for kommunale trafikktryggingsplanar. Rettleiaren skal gje kommunar støtte og hjelp til å utvikle ein heilskapleg kommunal trafikktryggingsplan

Det nye rettleiaren er bygd opp slik at kommunane sjølv må reflektere rundt strategisk retning, arbeidsmetodikk og tiltak, men samstundes vert det lagt fram eit forslag til struktur som omfattar alle kommunale ansvarsområde innanfor fagfeltet, og både organisatoriske, åtferdsretta og fysiske trafikktryggingstiltak. Malen er generell i formatet, og har ei tydeleg oppbygging i tråd med kriteria i Trafikksikker kommune.