Søk om serviceskilt og skilt til verksemder

Du må søke om løyve til å sette opp serviceskilt eller verksemdvisning til di verksemd langs fylkesvegen.

Dette kan du søke om 

  • serviceskilt. Serviceskilt har til hensikt å fortelje trafikantane om servicetilbod som ligg like ved vegen du ferdast på. 
  • verksemdvisning til di verksemd langs fylkesveg. Verksemdvisning har til hensikt å hjelpe trafikantane med å finne frem til verksemder i området langs vegen. 

Kven kan søke 

Verksemder og organisasjonar. 

Dette må du ha med i søknaden 

  • kven som er søkar 
  • organisasjonsnummer  
  • kart med plasseringa til servicestaden i høve fylkesvegen 
  • type verksemd  
  • ønska symbol og tekst 
  • avkøyrsel og parkeringsareal er godkjend 

Alle skilt som skal nyttast til serviceskilt og verksemdvisning skal utformast etter reglene i handbok N300, og du kan berre bruke symbol som er del av skiltforskifta. Bedriftslogoer og spesielle skrifttyper skal ikkje nyttast.

Vegnormal N300 Trafikkskilt: Serviceskilt og verksemdsvisning  

Korleis vurderer vi søknaden 

Det er fleire vilkår som må vere oppfylt for å få innvilga skilting, både generelle vilkår og særlege vilkår knytt til det enkelte skilt. 

Dersom vi meiner det er grunnlag for å skilte, sender vi saka vidare til Statens vegvesen for vedtak.  

I nokre høve er det krav om eigenandel for serviceskilt og verksemdvisning, jf. skiltforskrifta § 39 og 40.