Høyring: Regional transportplan 2022-2033
Har du innspel til Regional transportplan 2022-2033? Kom med innspel eller bli med på høyringsmøte!
Den øvste, langsiktige planen for samferdsle- og transportsektoren i Vestland , Regional transportplan 2022-2033 (RTP), er på høyring fram til 12. september 2021. I tillegg kan du delta på høyringsmøte 25. august på Skei, 1. september i Bergen og 10. september på Stord. Møta kan sjåast i nett-tv.
Kva er på høyring?
Det er fire dokument i høyringsutkastet til RTP, og vi ynskjer innspel til alle delane:
- Regional transportplan, hovuddokument
Dette dokumentet skal sette prinsipielle føringar for samferdselspolitikken i Vestland fylke. Her finn du hovudmål, delmål for kvart plantema og strategiar som seier korleis vi skal nå måla. Planen har fem plantema: fylkesvegnettet, mobilitet og kollektivtransport, Miljøløftet, finansiering og nasjonale ansvarsområde. Nærare skildring av hovuddokumentet finn du lenger ned på denne sida. Her finn du og tips til korleis du skal lese hovuddokumentet. - Handlingsprogrammet til RTP
Her finn ein omtale av kriterium for prioriteringar og utviklingstiltak. (Handlingsprogrammet inneheld ikkje liste over investeringar på einskildprosjekt eller når dei skal gjennomførast.) - Strategi for mjuke trafikantar
er fylkeskommunen sin strategi for arbeidet med mjuke trafikantar, strategien omtalar fylkeskommunale verkemiddel for å auke talet på mjuke trafikantar. - Strategi for berekraftig mobilitet
er Skyss sitt strategiske styringsdokument og omtalar retning og utvikling for selskapet, samt korleis Skyss skal fylle den nye rolla som mobilitetseining.
Faglege grunnlag og delstrategiar
I tillegg til høyringsdokumenta er grunnlagsdokumenta også tilgjengelege: faglege grunnlag, utgreiingar og strategiar for ulike tema i planutkastet som greier ut problemstillingar og drøftar utfordringar og moglegheiter innan samferdslesektoren. Det er også laga eit kunnskapsgrunnlag med nøkkeltal for Vestland fylke.
Høyringsmøte - meld deg på!
Fylkesordførar Jon Askeland inviterte til tre opne høyringsmøte kring om i fylket i august og september 2021. Her kunne kommunar, lag, organisasjonar og andre stille spørsmål til fylkeskommunen om faglege grunnlag og prosess, og legge fram sine innspel til korleis vi i størst grad kan nå måla i fellesskap.
Skei 25. august, Bergen 1. september, Stord 10. september:
- Høyringsmøte RTP Stord 10. september
Sjå RTP høyringsmøte frå Stord 10. september i nett-tv.
Program Stord
Stad: Stord Hotel, kl. 11.00
11:00 – Velkommen v/Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes
11:10 – Informasjon om RTP ved Håkon Rasmussen
11:20 – Innspel frå samarbeidspartar
Samarbeidsrådet for Sunnhordland –Harald Rydland
Hardangerrådet – Torgeir Næss
Stord næringsråd – Anne-Grete Sandtorv
Hardanger industri – Ingvald Torblå
12:00 – Lunsj
12:45 – Ope for innspel frå andre som ønskjer ordet
14:30 – Vel heim
- Høyringsmøte Bergen 1. september
Sjå RTP høyringsmøte frå Bergen 1. september i nett-tv
Program, Bergen:
stad: Radisson Blu Royal Bergen, kl. 09.00
09:00 Velkommen v/ fylkesordførar Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes
09:10 Informasjon om Regional transportplan ved avdelingsdirektør Håkon Rasmussen og avdelingsdirektør Dina Lefdal
09:20 Innspel frå samarbeidspartar: (8 min per)
Bergen næringsråd
Regionrådet Nordhordland
Bergensalliansen
Samarbeidsråd for Voss, Vik og Aurland
10:00 Pause
10:20 Ope for innspel frå andre som ønskjer ordet (3 min kvar)
12:00 Vi avsluttar med lunsj
- Høyringsmøte RTP Skei 25. august
Program, Skei 25. august
kl. 09.00 | Velkomen v/ fylkesordførar Jon Askeland og saksordførar Sigbjørn Framnes |
kl. 09.10 |
Informasjon om RTP i Vestland: |
kl. 09.20 |
Innlegg frå samarbeidspartar: |
kl. 10.10 | pause |
kl. 10.25 | Innspel frå publikum, 3 minutt per innlegg |
kl. 12.00 | lunsj |
kl. 13.00 | ev. fleire innspel frå publikum |
Kva vil vi ha innspel på og korleis?
Det er viktig å understreke at høyringsutkastet ikkje er å rekne som eit endeleg forslag til plan, vi ønskjer tilbakemeldingar både på innhaldet og korleis vi skal prioritere. Med knappe økonomiske ressursar må vi ha innspel på både kva som bør prioriterast opp, og kva som kan prioriterast ned.
Fem spørsmål
For at vi best skal kunne bruke dei innspela vi får til å utforme plandokumentet ønskjer vi tilbakemeldingar på følgjande spørsmål:
- Tek planen inn over seg dei store utfordringane i fylket i tilstrekkeleg grad?
- Er målsettingane riktige med tanke på dei utfordringane vi har i fylket?
- Er det god samanheng mellom mål og strategiar?
- Er dei riktige kriteria for prioritering lagt til grunn? Kva kriterium bør eventuelt endrast?
- Er det andre utviklingstiltak som bør inn i handlingsprogrammet til RTP?
- Strategi for mjuke trafikantar: Fylkeskommunen ønskjer tilbakemelding på ein til to strekningar langs fylkesveg i kvar kommune som manglar tilrettelegging for mjuke trafikantar, og som oppfyller kriteria for prioritering i strategien.
Slik les du hovuddokumentet i høyringsutkastet
Kapittel 1 startar med innleiinga til planutkastet og seier korleis planen skal nyttast og kva som er fylkeskommunen si rolle som vegeigar, med særleg merksemd på endringar etter Regionreforma 2020.
Kapittel 2 presenterer og forklarer hovudmålet i RTP: «Vestland skal ha eit trygt, effektivt og framtidsretta transportsystem, som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling.».
Kapittel 3 trekk fram nokre viktige drivarar for transport for å legge rammene for dei fem planemnene.
Kapittel 4 presenterer fem plantema:
fylkesvegnettet, mobilitet og kollektivtransport, Miljøløftet, finansiering og nasjonale ansvarsområde.
For alle planemna er det lagd eigne delmål og strategiar i tillegg til at status og utfordringsbildet er skildra. Vestland har store utfordringar som er både kostnadskrevjande og kompliserte å løyse. Det er behov for meir midlar for å kunne løyse desse utfordringane, og finansiering er difor trekt fram som eit eige plantema der formålet er å finne løysingar som både kan gje oss meir samferdsle for pengane, samt meir pengar til samferdsel.
Kapittel 5 gir ei kort innføring i oppfølging av planen, og korleis vidare prosess med handlingsprogrammet blir.
Kva skjer framover?
august og september 2021: |
Nye høyringsmøte kring om i fylket. |
12. september 2021 | Høyringsfrist, RTP |
12. september-15. desember 2021 | Høyringsinnspela blir handsama og arbeidd inn i planen. |
15.-16. desember 2021 | Regional transportplan 2022-2033 for Vestland blir vedtatt. |
2022 | Handlingsprogrammet blir rullert kvart år. |
2025 | RTP blir rullert kvart fjerde år. |