Miljøløftet
Gjennom byvekstavtalane samarbeider dei tre forvaltningsnivåa stat, fylkeskommune og kommune om det nasjonale målet om nullvekst i persontransport med personbil.
Her finn du ein oversikt over alle prosjekta i Miljøløftet.
Vestland fylkeskommune, dei statlege einingane Statens vegvesen, Jernbanedirektoratet og Statsforvaltaren, samt dei fem kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden har signert byvekstavtalen og samarbeider om å nå nullvekstmålet innanfor avtaleområdet.
Miljøløftet set rammer for kva for prosjekt som kan finansierast gjennom byvekstavtalen.
Midlane i avtalen skal porteføljestyrast etter nullvekstmålet. Prosjekta vert vekta og vurdert gjennom ein porteføljestyringsprosess som skal syte for at prosjekta som gjev best måloppnåing opp mot nullvekstmålet vert realisert.
Tabellen under syner tiltak under bygging/ med vedteke prosjektløyving i handlingsprogram 2025-2028 og fylkesvegtiltaka som inngår i framlegg til hp 2026-2029.
Behovet for utbygging og oppgradering av infrastruktur for mjuke trafikantar og kollektivtiltak er stort innanfor Miljøløftet sitt geografiske nedslagsfelt, også ut over dei tiltaka som er inkludert i HP 2025–2028 og HP 2026–2029. Nedanfor blir det peika på aktuelle strekningar med behov for utbygging. Lista er uprioritert, og det er truleg langt fleire strekningar og tiltak som har behov.
Nokre utbetringsbehov
Bergen har ei rekkje brusteinsgater i sentrum med stort vedlikehaldsetterslep. Vedlikehald av brusteinsgater er kostbart og tidkrevjande. Det er naudsynt å sjå utbetringa/vedlikehaldet i samanheng med andre prosjekt som går i sentrum, som Bybanens byggetrinn 5 og Graveklubbens arbeid. Det pågår ei utgreiing for å kartlegge behov for utbetring/vedlikehald av desse gatene, og ut frå dette avklare framdrifta mot andre prosjekt som skal byggast i sentrum. Dersom eit tiltak blir prioritert i Miljøløftet har trase på ein strekning der vedlikehaldsetterslepet inngår i kartlegginga nemnt her, skal utbetringa av bereevne inngå i prosjektet.
Fv. 587 Grimesvingane har eit stort behov for utbetring. Det er planlagt mindre utbetringstiltak på strekningen gjennom posten Standardheving med vedlikehaldskarakter. Det er ikkje funne midlar tifinansiering av ny tunell på strekninga.