Brua under produksjon i Arendal

— Vi planlegg for transport av brua i starten av september, seier byggeleiar Håkon Tryti Nilssen.

Grå bru blir laga inne i ei stor fabrikkhall. Den heng i oransje stroppar frå taket, og støttast opp av paller.
SLUTTSPURT: Paradis bru er under produksjon i Arendal i CSUB sine lokaler. Foto: Håkon Tryti Nilssen/Vestland fylkeskommune

Paradis bru er under produksjon i Arendal, og no begynner det å likne på ei ferdig bru.

Det er CSUB som produserer brua. Dei har spesialisert seg på komposittkonstruksjonar, for det meste til vanns, men også til lands. Brua er produsert i sin heilheit, og «tar opp heile fabrikken». Arbeidet er venta å vere ferdig i september. 

Når brua er heisa på plass står det framleis att omtrent to månadar med arbeid på brua. Rekkverksfester skal monterast, dekkebelegging skal på plass og brua skal få nokre lag med maling. Fargen blir blå og grå. Kvar oppgåve må gjerast i ein bestemt rekkefølgje for å få alt til å klaffe. 

— Prosjektet er meir spektakulært enn vi først såg før oss. Når vi ser kva vi held på med, forstår vi kor spesielt det er, seier Tryti Nilssen.

Byggeleiar for Paradis bru, Håkon Tryti Nilssen, foran brua som er under produksjon i Arendal. Håkon har på seg ein gul jakke og hjelm på hovudet. Bak han er ei grå bru inne i eit fabrikklokale.
BYGGING: Paradis bru blir produsert hos CSUB i Arendal. Håkon Tryti Nilssen er byggeleiar for prosjektet.