No kjem Paradis bru

Om knappe to veker kan folk på Paradis sjå eit svært sjeldant syn når den 42 meter lange Paradis bru blir køyrd gjennom gatene.

Så vidt vi veit er det som skal skje ganske historisk, i alle fall i samferdsleverda. Brua er laga av kompositt, ein blanding av plast og fiber, og toler mykje meir ein ei vanleg bru. Brua kjem på plass over bybanesporet og Nesttunevegen på Paradis, og er ei gang- og sykkelbru. 

Bildet viser Paradis bru. Brua er 42 meter og er grå.
PÅ VEG: Paradis bru er på veg frå fabrikken i Arendal. Foto: Håkon Tryti Nilssen

42 meter og 47 tonn tung skal brua fraktast på eit spesialkøyretøy frå innerst i Nordåsvatnet til bybanestoppet i Nesttunveien. Den kjem ferdig montert, altså heil.

I løpet av to timar natt til torsdag 26. september blir brua heisa på plass.

— For at ikkje dette ikkje skal påverke bybanen meir enn nødvendig blir brua montert midt på natta. Då er det lite trafikk og færre bybaner som går, seier byggeleiar i Vestland fylkeskommune, Håkon Tryti Nilssen.

To veker før brua kjem på plass rulla den ut av fabrikken i Arendal for å bli frakta med båt til Bergen. Ferda går frå Dokken i Bergen sentrum på ferje inn til Nordåsvatnet. Der blir brua heisa av en stor kran over på eit spesialvogn. Onsdag 25. september startar reisa gjennom Statsminister Michelsens veg til bybanestoppet på Paradis.

Stenger vegen

  • Delar av Straumevegen, frå Fana roklubb til rundkøyringa på Fjøsanger, blir stengt tysdag 24. september frå kl. 18.00 til midnatt same dag.
  • Nesttunvegen blir stengt midnatt den onsdag 25. til torsdag 26. september kl. 12.00. 
  •  Statsminister Michelsens veg blir stengt frå klokka 09.00 onsdag 25. september. Vegen blir opna fortløpande etter kvart som brua har passert.

— Vi reknar med å passere Paradis skule mellom kl. 14 og 16. Det kan bli ganske spektakulært å sjå på når brua køyrer forbi, seier Tryti Nilssen.

Om du vanlegvis går til skulen på Statsminister Michelsens veg kan det vere greitt å planlegge ei anna rute heim akkurat den onsdagen. Både ned Ny-Paradis og Allébakken kjem du utanom transporten. Bilar som parkerer i Statsminister Michelsens veg kan bli fjerna, eller sperra inne denne dagen.

— Når vi skal heise den 47 tonn tunge brua på plass må vi be om dei som bur tettast på brua, held seg inne.

Ikkje klar til bruk

Sjølv om brua står trygt etter at den er heisa på plass er den ikkje heilt klar til bruk enno, men blir det i løpet av hausten. 

— Litt etterarbeid er det. Brua manglar rekkverk, noko som er veldig viktig å få på plass. Det kjem lys på så folk kan sjå kor dei går no når det blir mørkt, seier Tryti Nilssen.