Paradis bru

Paradis bru blir verdas lengste i sitt slag. Det er ei bru i fibre-reinforced plastic (FRP), eller kompositt på norsk. Desse er ganske nye i bruk i Noreg, og treng minimalt med vedlikehald.

Oversikt over prosjektet

Fakta

Fase: Ferdig
Veg: Fv. 582
Område: Paradis i Bergen

Ferdigstilling av prosjekt

Brua opna i november 2024.

Byggefase

VLFK og entreprenør Consto har starta produksjon av Paradis G/S-bru.

Bruen skal betre situasjonen for fotgjengare og syklistar, sikre trafikktryggleik ved krysningspunkt av veg og bybane. Prosjektet skal sørge for universell utforma fortau/gangfelt og velje miljøvennlege materialer.

Brua blir produsert på ein fabrikk i Arendal, før heile brua blir transportert til Paradis og løfta på plass. 

Brua er 7 meter brei, og 42 meter lang. 

Andre fakta om brua

Mikroplast: Det er ikkje fare for mikroplast frå brua. Brua skal ikkje gå i opplysning. Glass- og karbonfiber er mykje brukt i båt/skip og i offshorebransjen, og alt viser til at dette har godt holdbarheit. Til dømes er ei samanlikning at det vil komme meir mikroplast av sykkeldekka som syklar på brua, en av sjølve brua.

Miljøavtrykk: Vi har ikkje rekna på miljøavtrykk for brua spesifikt, men erfaring frå tilsvarande prosjekt viser at kompositt-konstruksjonar er det mest miljøvenlege alternativet, samanlikna med betong og stål.  

Design: Da konseptet blei utarbeida, under Statens vegvesen, var fokuset byggbarheit. Utforminga gjer det enklare å bygge brua, og mogleggjer å transportere brua i en hel del frå fabrikk, noko som er arbeidsbesparande.
Motsetnaden hadde vore å montere brua på Paradis, noko som ville ha medført meir stenging av vegen. Fagverksbruer som dette, som en tradisjonelt ser på jernbane, har generelt lik utforming.

Relatert informasjon

Kontaktpersoner

Håkon Tryti Nilssen

Byggjeleiar

Silje Christine Alvsaker

Kommunikasjonsrådgjevar

Relatert informasjon