To prosjekt klare for utlysing, men eit må vente

Gjenståande midlar i Nordhordlandspakken minkar, det påverkar kva prosjekt som blir bygd og når.

Prosjekt nr. 3 Fosse-Moldekleiv er planlagt lyst ut ved årsskiftet, medan prosjekt nr. 17 Vikane-Eikangervåg må vente. Prosjekt nr. 4A Fløksand-Vikebø er truleg klar til utlysing sommaren 2025. Anslaga på kva prosjekta vil koste, sett opp mot den gjenståande økonomiske ramma i Nordhordlandspakken, viser at vi per no har en buffer på 80 millionar kroner.  Bufferen er for liten til å lyse ut fleire prosjekt på same tid. Bompengeinntektene er som forventa, men dei er usikre fordi trafikkmengda varierer.

— Gjeldsbelastinga og rentekostnaden vil også verte høgare om fleire store prosjekt vert sett i gang samstundes, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.

Fosse-Moldekleiv er høgast prioritert og blir lyst ut først. Den største usikkerheita ligg i dette prosjektet.

— Til sommaren neste år veit vi meir om kva Fosse-Moldekleiv kostar. Då veit vi meir om kor myke pengar vi har igjen og kan planlegge utlysing av de to andre store prosjekta, seier direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, Dina Lefdal.

Status for dei tre prosjekta

  • Fosse-Moldekleiv er klar til utlysing rundt årskiftet 2024/25.
  • Fløksand-Vikebø er litt lenger bak. Planen er å lyse ut prosjektet sommaren 2025.
  • Vikane-Eikangervåg er klar til utlysing. Her ligg det også statlege midlar til prosjektet. Midlane forsvinn ikkje sjølv om prosjektet blir utsett.

Prosjekt i Nordhordlandspakken der det pågår bygging eller som er fullført

  • Nr. 1 Fv.565 Marås-Soltveit (fullført)
  • Nr. 4B Fv.564 Undergang Holme (fullført)
  • Nr. 5 Fv.565 Frekhaugkrysset (pågår)
  • Nr. 6 E39 Oval rundkøyring Knarvik sentrum (fullført)
  • Nr 7. E39 Kollektivtiltak Knarvik sentrum (fullført) og Flatøy (pågår)
  • Nr. 8 Fv.565 Austerheim, Vardebrua (fullført)
  • Nr. 9 Fv. 570 Punktutbedring Masfjorden (fullført)
  • Nr. 10 Fv. 5510 Punktutbedring Fedje (fullført)
  • Nr. 11 Fv.569 Punktutbedring Modalen (fullført)

Lefdal er klar på at intensjonen er å få bygd alle tre prosjekta.

— Vi er opptatt av totaløkonomien i pakken, og fylket har garantiansvar for lånet. Difor kan vi ikkje lyse ut tre prosjekt parallelt. Vi må styre stramt, seier Lefdal.