Trafikksikringstiltak

Tiltaket gjeld hovudsakeleg andre fylkesvegar i kommunen. Tiltaka skal gjerast via punkt- og strekningsvis utbetring. Ein skal byggje møteplassar, kantforsterking, utbetring av kurvatur, rekkverk og betre siktforhold med rydding av vegetasjon.

Fv. 5028 Kaldestadvegen G-S-veg : 
Reguleringsplanen skal legga til rette for fleire trafikktryggingstiltak langs Kaldestadvegen som i dag manglar løysningar for mjuke trafikkantar.

Det skal etablerast gangveg, hovudsak fortau, samt gangveg og gang- og sykkelveg. Tal på avkøyrsle vil reduserast for å oppnå eit meir oversiktleg trafikkbilete. Reguleringsplan oversendt Kvinnherad kommune, forventa vedtak mars 2023. Heile reguleringsplanen skal ikkje byggast.

Fv. 500 Neslia:
Trafikksikringstiltak ferdigstilt august 2021.
Ny gang/sykkelveg, trafikklys og bussskur.