Delprosjekt Kvinnheradpakken
Søk
Fv. 500/548/5026 - ny gang- og sykkelveg Opsanger-Porsvik
Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Kvinnherad kommune starte på arbeidet med ein detaljreguleringsplan for etablering av ein ny gang- og sykkelveg. Det er manglande tilbod til gåande og syklande mellom tettstadene Husnes, Sunde og Valen. Prosjektet har som mål at det skal bli enklare og tryggare for syklande og gåande, og at trafikktryggleiken for alle trafikantgrupper skal verta betre.
Trafikksikringstiltak
Tiltaket gjeld hovudsakeleg andre fylkesvegar i kommunen. Tiltaka skal gjerast via punkt- og strekningsvis utbetring. Ein skal byggje møteplassar, kantforsterking, utbetring av kurvatur, rekkverk og betre siktforhold med rydding av vegetasjon.
Fv. 48 Sandvoll sentrum
Vegstrekninga er ein del av fylkesveg 48 på Sandvoll, sør i Kvinnherad kommune. Nord for Sandvoll industriområde ligg Handeland bru, ei flott steinkvelingsbru bygd i 1924. Brua er smal med dårleg rekkverk og er ikkje tilrettelagt for mjuke trafikantar. Det skal byggjast ny bru med tilslutning til fylkesvegen. Eksisterande bru vert bevart som eit viktig kulturminne.
Fv. 500 Herøysundet
Vegen gjennom Herøysund har ikkje vore tilrettelagt for mjuke trafikantar. Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen starta i 2022. No er vel 1,2 kilometer med ny gang- og sykkelveg med tilrettelagte stader å krysse vegen. I tillegg er det bygd nytt fortau, tre haldeplassar med nye leskur og universell utforming, og strekninga har fått nye lys.
Fv. 544 Sæbøvik-Eidsvik-Tofte
Strekninga har låg vegstandard og er utan tilrettelegging for mjuke trafikantar. På Halsnøy går gjennomgangstrafikken til ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik og snøggbåtruta gjennom området Sæbøvik–Eidsvik. Vegbana skal utvidast og det skal byggjast gang- og sykkelveg.
Fv. 500 Folgefonntunnelen-Årsnes. Tunnel og vegutbetring.
Fylkesveg 500 er utsatt for skred av stein, is og snø. Vegen er smal og har liten sikt på ulike plasser. Vegen er generelt dårlig å ta seg fram på. Fylkesvegen er den einaste vegen ut og inn i Kvinnherad kommune via fastland, og er ruta for ferjetrafikken mellom Årsnes, Jondal og Odda.