Oppdatering 15.09.2023:
Håkonshellavegen opner for gjennomkøyring fredag 6. oktober etter vanleg arbeidstid.
I perioden 9. oktober til 10. november 2023 vil vegen vera stengt mandag til fredag mellom kl. 09:00-14:00, men skolebussane vil gå som normalt i dette tidsrommet.
Det gjenstår fremleis nokre arbeid som krev plass, og det er dessverre nødvendig at vegen haldast stengt ei stund til på dagtid.
Det blir eitt felt forbi valsmogbukta som blir lysregulert. Ein må derfor framleis rekna med noko forseinkingar og berekna ekstra tid når ein skal passera.
Eldre nyheiter
Vegen på Håkonshella blir midlertidig opna den 7. juli - 6.august. Den 7. august stenger vegen igjen etter krysset inn mot Ørnefjellet og langs heile Valsmogbukta. Håkonshellavegen vil vere stengt for trafikk fram til 6. oktober 2023
Vegen må haldast stengt grunna vegarbeid som krev heile vegbreidda og det blir av den grunn vanskeleg å utførte vegarbeidet mens vegen er open. Dette blir gjort med omsyn til helse, miljø og sikkerheit eller av tekniske orsakar.
Det er i hovudsak sprengingsarbeid, arbeid med grøfter og høgspentkablar, etablering av overvannssystem og natursteinsmuring som er aktivitetane på vegen.
Vi kjem med oppdatert informasjon om vegarbeidet undervegs i stengeperioden frå 8. august til 6. oktober. Vi vil takke alle bebuarar i området for å ha vist tolmod så langt i vegarbeidet. Vi kan i dag sjå at den nye vegen blir eit flott veganlegg til glede for både mjuke og harde trafikantar.