Gjeldande plan for utbetring av fv. 57 Dalsfjordvegen vart vedteken i 2020. Gjennomføring er starta opp for område Nistadlia–Holmeli, men forarbeid har vist at det er naudsynt å gjere endringar i plangrunnlaget for resterande del av planområde Holmeli–Strandanes.
Om mogleg er det ønskjeleg å leggje til rette for ein kontinuerleg framdrift i utbygginga. Planarbeidet vert difor gjort for resterande del av planområdet og med målsetting om vedtak for endra plangrunnlag i løpet av 2025.
Når framlegg til reguleringsplan er klart, vert det gjennomført ope møte eller kontordag der vi presenterer planutkastet før planen blir gjort ferdig og lagt ut til offentleg ettersyn. Dette vert annonsert
Vedtatt reguleringsplan
Fjaler kommune vedtok reguleringsplan for fv. 57 Strandanes–Nistadlia den 18.6.2020. Vegstrekket på snaut 4 km ligg på sørsida av Dalsfjorden mellom Bygstad og Dale. Sjå plankart og øvrige plandokument her (PDF)