Vil utvide planområdet
Vestland fylkeskommune er i gang med å lage detaljregulering for fv.609 mellom Heilevang og Hestvika. Planarbeidet har synt at det er nødvendig å utvide planområdet. Frist for å komme med innspel er 19. februar 2021.
Vestland fylkeskommune er i gang med utarbeiding av detaljregulering for fv.609 mellom Heilevang og Hestvika i samarbeid med Askvoll og Sunnfjord kommunar. Oppstart av planarbeidet vart varsla i juli 2020.
Utviding av planområdet
Planarbeidet har synt at det er nødvendig å utvide planområdet i vest. Det utvida området strekkjer seg frå Sagevatnet i aust og fram om Rørvika i vest. Ein ser føre seg å nytte delar av arealet mellom Rundeseten og Storelva sør for fv.609 til deponering av overskotsmassar frå veganlegget. I tillegg vil det vere aktuelt å regulere inn areal for å sikre plass til biloppstilling for turgåarar nord for fylkesvegen i same område.
Innspel
Vi ber om at eventuelle innspel til planarbeidet vert sendt til Askvoll kommune seinast 19. februar 2021.
Slik sender du innspel:
1. via elektronisk skjema for høyringsuttale
2. på e-post til postmottak@askvoll.kommune.no
3. med post til Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll
Alle innkomne merknader vert handsama samla i begge kommunane i lag med fylkeskommunen.