Vedteken reguleringsplan fv. 609 Heilevang

Reguleringsplan for fv. 609 Heilevang har vore til politisk handsaming, og er no vedteken av kommunestyra i Askvoll kommune og Sunnfjord kommune.

Planen legg grunnlaget for skredsikring av fylkesvegen ved Heilevang, på fv. 609 mellom Askvoll og Førde.

Det skal byggast ein 2450 meter lang skredsikringstunnel mellom Hestvika og Heilevang, i tillegg kjem fleire hundre meter ny veg på kvar side av tunnelen.
Planen legg også til rette for å plassere overskot av tunnelstein i deponi, både i Rørvika, Hestvika og på Heilevang.

Dokumenta

Kontakt

Spørsmål til planen kan stillast til:
Askvoll kommune: Kjersti Sande Tveit, tlf. 57 73 07 08
Sunnfjord kommune: Anniken Heggedal, tlf. 57 72 20 00
Vestland fylkeskommune: Otto Eikeset, tlf. 91 14 36 76