Skredsikringa av Heilevang er i startgropa
Før jul kom klarsignalet frå fylkespolitikarane om at det blir løyvd pengar til bygging av skredsikringstunnel mellom Hestvika i Askvoll kommune og Heilevang i Sunnfjord kommune.
– Vi er no i gang med å få sett opp ein prosjektorganisasjon, denne må vere på plass før vi kan gå i gang med å lage konkurransegrunnlag og lyse ut oppdraget, seier Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Skredsikringsprosjektet er tildelt ei samla løyving på 1061 mill. kroner, fordelt over perioden 2023-2027. Før utlysing av prosjektet skal det gjennomførast ekstern kvalitetssikring av kostnadsoverslag.
Ettersom vedtaket framleis er ferskt, ligg det ikkje klart ein framdriftsplan, men prosjektleiaren anslår at sjølve anleggsarbeidet tidlegast kan starte opp i løpet av første halvdel av 2024.
Totalentreprise
Reguleringsplanen for prosjektet vart vedteken av kommunestyra i Sunnfjord og Askvoll i juni 2022. Denne gir føringar for kva som skal byggast og innanfor kva område, men detaljar kring tunnelen og veg i dagen skjer gjennom prosjektering – detaljplanlegging - av prosjektet.
Skredsikringa av vegen mellom Hestvika og Heilevang skal lysast ut som ei totalentreprise, det betyr at entreprenør ikkje berre skal stå for bygginga, men også prosjekteringa. Ofte skjer dette parallelt.