Høyring: Reguleringsplan fv. 609 Heilevang

Vestland fylkeskommune har i samarbeid med Askvoll - og Sunnfjord kommune laga forslag til reguleringsplan for fylkesveg 609 Heilevang. Planen skal no på offentleg ettersyn, høyringsfrist er 11. februar 2022.

Formålet med planarbeidet er å legge grunnlaget for skredsikring av fylkesvegen ved Heilevang, på fv. 609 mellom Askvoll og Førde.

Det skal byggast ein 2450 meter lang skredsikringstunnel mellom Hestvika og Heilevang, i tillegg kjem fleire hundre meter ny veg på kvar side av tunnelen.
Planen skal også legge til rette for å plassere overskot av tunnelstein i deponi, både i Rørvika, Hestvika og på Heilevang.

Dokumenta

Merknader

Fristen til å komme med merknader til planen er 11. februar 2022. Merknadane bør seie noko om kva endringar ein ynskjer i planen og kvifor. Eventuelle merknader skal sendast til:

1. via elektronisk skjema på kommunane sine heimesider
2. på e-post: postmottak@askvoll.kommune.no postmottak@sunnfjord.kommune.no
3. eller med vanleg post:
Askvoll kommune, pb. 174, 6988 Askvoll
Sunnfjord kommune, pb. 338, 6802 Førde

Handsaming

Etter at høyringsfristen er ute vil Askvoll - og Sunnfjord kommune i samråd med Vestland fylkeskommune ta stilling til alle merknader som er komne inn. Reguleringsplanen med eventuelle endringar, og innkomne merknader med kommentarar, vil bli lagt fram for politisk handsaming i dei to kommunane.

Kontakt

Spørsmål til planen kan stillast til:
Askvoll kommune: Kjersti Sande Tveit, tlf. 57 73 07 08
Sunnfjord kommune: Anniken Heggedal, tlf. 57 72 20 00
Vestland fylkeskommune: Otto Eikeset, tlf. 91 14 36 76