Planlegg ny utlysing av Heilevang i februar
Med tommel opp frå fylkespolitikarane, og ein reguleringsplan som har vore på høyring, ligg alt til rette for ei ny utlysing av rassikringa på fv. 609 ved Heilevang på nyåret.
Vestland fylkeskommune og prosjektorganisasjonen leia av Jon Harald Huseklepp har gjennom hausten jobba med ny utlysing, og revidert reguleringsplanen.
– Når lausmassetunnelen som var planlagd i første runde gjekk ut, og veglinja vart endra, så kunne vi ikkje berre bruke oppatt same utlysing som førre gong. Eit godt konkurransegrunnlag legg grunnlaget for eit godt prosjekt, og det tek nødvendig tid og ressursar, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp, og legg til at dei har fått mange gode innspel undervegs i arbeidet.
– Vi har vore igjennom ein marknadsdialog og hatt samtaler med entreprenørar som er interesserte i oppdraget. Denne dialogen med bransjen har vore veldig nyttig, seier Huseklepp.
Ein revidert reguleringsplan for fv. 609 Heilevang vart lagt ut på høyring i byrjinga av november, og reguleringsendringane må godkjennast i Sunnfjord og Askvoll kommune.
– Det har kome merknader frå NVE, Statsforvaltar og Statens vegvesen. Merknadane er svart ut og sendt tilbake til kommunane, vi reknar med at planen skal vere klar til godkjenning i februar, seier prosjektleiaren.
Etter at fylkespolitikarane tidlegare i desember vedtok å prioritere rassikringa langs Førdefjorden, ligg alt til rette for oppstart i løpet av 2025. Prosjektet vil ha ei byggetid på cirka 4 år.