Inviterer til marknadsdialog før ny utlysing av Heilevang
Måndag 25. november inviterer vi bransjen til dialog om ny utlysing av skredsikringsprosjektet på fv. 609 Heilvang.
– Målet med marknadsdialogen er å varsle bransjen om at dette prosjektet er på veg ut i marknaden på nytt. Ved å gå igjennom endringane i prosjektet frå førre gong får dei betre grunnlag når dei skal legge inn eit tilbod, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp
I tillegg til fellesopplegget inviterer prosjektet også entreprenørane til ein-til-ein samtaler i etterkant. Desse gjennomførast digitalt 28. november og 2. desember.
– Det er veldig nyttig for oss å møte entreprenørane. Innspela og spørsmåla dei har kan få innverknad på utforminga av kontrakta, seier Huseklepp.
Prosjektet skal gjennomførast som totalentreprise med forhandlingar, med einingsprisar på sikring i tunnel og dagsone. Konkurransen er planlagt utlyst i første halvdel av 2025.