Status for prosjektet - august 2024
Fylkesdirektør Dina Lefdal orienterte hovudutval for samferdsel og mobilitet om status på fv. 609 Heilevang på møte 28.-29. august.
Alle saksdokumenta er tilgjengelege på Vestland fylkeskommune sine nettsider
Samandrag av notatet:
Arbeid med grunnundersøkingar vart starta opp i april og vart ferdigstilt i juli. Det er utført prøvegraving og borepunkt i eit stort område for å finne djupne til berg. Laboratorieanalysar syner god stabilitet på massane, noko som gjer at utfordringane knytt til stabilitet av høgareliggande terreng er vurdert som mindre enn tidlegare antatt. Styrken i lausmassane i påhoggsområdet er også vurdert som god.
Ut frå undersøkingane vert det no arbeidd med ei løysing som inneber ei endring i veglinja ved Heilevang, jf. figuren under. Ved å flytte veglinja utover kan vi gå vekk frå lausmassetunnel og gå for ei tradisjonell utgraving. Det vil vere behov for ein noko lengre betongportal i tunellen med rasvoll og sikringstiltak i området over tunnelpåhogg.
Fylkeskommunen er no i dialog med Askvoll og Sunnfjord kommunar om endringar i reguleringsplan.Vidare arbeid vil vere å gjennomføre nytt kostnadsanslag og revidere konkurransegrunnlaget.
Føresett at den skisserte løysinga kan gjennomførast utan forseinkingar, kan det vere mogleg å lyse ut prosjektet i starten av 2025.