God oppslutning då rassikringsprosjekt inviterte til marknadsdialog

Utlysinga av tunnelprosjektet fv. 609 Heilevang er på trappene. Denne veka inviterte vi bransjen til synfaring og orientering på prosjektet.

Tett på 30 representantar frå 16 ulike entreprenør- og konsulentfirma deltok.
Tett på 30 representantar frå 16 ulike entreprenør- og konsulentfirma deltok.

Marknadsdialogen vart gjennomført tysdag 6. juli. Orientering starta i Førde, før turen gjekk med buss på fv. 609 langs Førdefjorden til Heilevang. Tunnelen skal gå mellom Heilevang og Hestvika, forbi raspunktet Hundsåna og kryssar kommunegrensa mellom Sunnfjord og Askvoll. 

–Målet med denne marknadsdialogen er å varsle bransjen om at dette prosjektet er på veg, og skape interesse i marknaden. Ved å gje entreprenørane høve til å bli betre kjent med prosjektet før utlysinga, vise fram prosjektområdet og gå igjennom utfordringar, får dei betre grunnlag når dei skal legge inn eit tilbod, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp

I tillegg til fellesopplegget inviterte prosjektet også entreprenørane til ein-til-ein samtaler i etterkant.

– Det er veldig nyttig for oss å møte entreprenørane. Innspela og spørsmåla dei har kan få innverknad på utforminga av kontrakta, seier Huseklepp.

Rassikringsprosjektet skal lysast ut i løpet av august 2023. Sjølve utlysinga skal gjennomførast som konkurranse med forhandlingar, ei anbodsform som fremjar dialog og samspel mellom byggherre og entreprenør. Val av rett entreprenør skal ikkje berre gjerast på basis av pris, men også planar for organisering og gjennomføring av prosjektet.  


Publisert 8. juli 2023