Desse er invitert med vidare i Heilevang-konkurransen
Vestland fylkeskommune inviterte bransjen til å delta i konkurranse med forhandlingar om rassikring av fylkesveg 609 mellom Heilevang og Hestvika.
Fylkeskommunen har no bestemt seg for tre leverandørar som er inviterte til å gje tilbod, og delta i vidare forhandlingar om oppdraget.
Desse er:
• Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS
• Hæhre Entreprenør AS
• Arbeidsfellesskapet Leonhard Nilsen & Sønner AS og Entreprenørservice AS
– Vi er no i gang med avklaringsmøte med dei tre leverandørane kvar for seg, og frist for levering av første tilbod er 29. februar. I løpet av våren blir det gjennomført fleire forhandlingsrunder med partane, før levering av endeleg tilbod i månadsskiftet mai/juni, fortel Jon Harald Huseklepp, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
Målet med forhandlingane er å redusere risikoen både for entreprenør og byggherre, og gje entreprenørane tilbakemeldingar som gjer at dei kan levere eit forbetra tilbod. Forhandlingane skal sikre at partane har ei felles forståing av oppdraget; kva entreprenør kan tilby, og kva forventningar byggherren har til dei som får oppdraget.