Slutt på langstengingane på fv. 57 Holmeli-Nistadlia
Fylkeskommunen si julegåve til folk og pendlarar langs Dalsfjorden er fast dekke og fri ferdsel.
Dei siste vekene har entreprenør på prosjektet arbeidd hardt for å få lagt det første asfaltlaget på den nye vegen mellom Holmeli og Nistadlia. Dei to topplaga vert lagt til våren, då skal også alle sideareala og siste del av tungsikringa gjerast ferdig.
I kontrakta mellom Vestland fylkeskommunen og Entreprenørservice AS var det sett ein sluttfrist på prosjektet i mai 2025. Sjølv om det framleis står att noko arbeid, så er det veldig gledeleg at vegen no har fått fast dekke, seier prosjektleiar Bjørn Andre Storøy.
– Det er ein stor fordel å få på asfalten før vinteren kjem for fullt, det gjer vinterdrifta lettare og tilhøva mykje betre for trafikantane.
Storøy oppmodar likevel dei som ferdast om å ta det roleg gjennom anleggsområdet. Vegen vil bli snevra inn til eitt køyrefelt i korte strekk der maskinene står og jobbar. Dette vil kunne variere på heile strekninga fram til prosjektet er ferdig.