Skal grave vekk kvikkleire ved Dalsfjorden
Dei neste månadane skal vegprosjektet mellom Holmeli og Nistadlia flytte 3000 kubikk med kvikkleire.
Arbeidet med å utbetre strekninga på fylkesveg 57 starta i april i år. Det er sprengt ned mange høge fjellskjeringar for å utvide vegen, men det står att mykje arbeid.
På grunn av sprengingsarbeid og fjerning av kvikkleire vil trafikken på fylkesvegen førast over på fleire omkøyringsvegar ved Holmeli denne vinteren.
– Grundige grunnundersøkingar
Det var under prosjektering av den nye fylkesveg at det vart oppdaga to kvikkleirefelt ved Holmeli, der vegen skal utvidast. No står denne strekninga for tur.
– Å jobbe med kvikkleire er utfordrande, men vi har god kontroll på omfanget. Det er teke mange grunnprøver og gjort grundige undersøkingar, seier byggeleiar Svein-Henning Råheim.
Kvikkleire er i utgangspunktet fast, men blir det utsett for stort trykk eller rørsle, kan den forvandle seg til ei flytande leiresuppe.
– Kvikkleira har ikkje vore ein trugsel mot dagens veg, men den vil ikkje tole belastninga av ein ny veg, forklarer Råheim.
Kvikkleire-basseng
Løysinga blir å grave vekk kvikkleira, laste den på lastebil og køyre den til eit eige deponi – eit basseng som er mura opp for å halde på massane. Holet på Holmeli vert deretter fylt opp med stein og stabile massar slik at vegbygginga kan halde fram.
I denne perioden vil trafikken gå på ein omkøyringsveg godt utanom det største kvikkleireområdet.
– Omkøyringsvegen skal leggast godt inn i terrenget, så den ligg trygt på berg og faste masser. Når det er gravearbeid tett på omkøyringsvegen kan det bli behov for å stenge fylkesveg 57 noko meir en dei stengetidene som er no. Det vil i så fall bli på nattestid for å belaste trafikantane minst mogleg.
For å komme ned til kvikkleira må det gravast eit stort hol. Det skal lastast ut ca. 10 000 kubikk med masse, det tilsvarar ca. 1 000 lastebillass. Av dette er ein tredjedel kvikkleire. Det kan bli grisete på vegane når dette skal fraktast vekk, men vi vil prøve å halde vegane så reine som det let seg gjere, seier byggeleiaren.
Kvikkleira skal lagrast i bassenget inntil vidare. Kva som på sikt skal gjerast med den er enno ikkje avklara.
– Kvikkleira vil ikkje vere til skade for miljøet, og bassenget blir sikra slik at det ikkje er fare for at folk eller dyr kan dette oppi, seier byggleiaren.