Planlegg oppstart på fv. 57 Holmeli - Nistadlia i april/mai
Oppdraget med å bygge ny veg på fv. 57 mellom Holmeli og Nistadlia er no ute i marknaden.
Tilbodsfristen er sett til 13. februar. Deretter skal tilboda evaluerast, før fylkeskommunen tek ei endeleg avgjerd på kven som får oppdraget i løpet av mars. Om alt går etter planen vert det oppstart i månadsskiftet april/mai.

God interesse for tilbodssynfaring
Onsdag 11. januar var det tilbodssynfaring på prosjektet, der representantar frå 16 firma deltok. Tilbodssynfaring er ein del av utlysingsprosessen, og er ei moglegheit for dei som er interesserte i oppdraget til å sjå dei framtidige anleggsområda ilag med prosjektleiinga i Vestland fylkeskommune. Etter synfaringa ute langs veglinja var det samling innandørs i Dale, der ulike fagfelt frå byggherre gjekk igjennom punkt ved utlysinga.
Denne gjennomgangen er saman med synfaringa ein god arena for å avklare det som måtte vere uklart i tilbodsdokumenta, og få fram utfordrande punkt ved prosjektet.
