Signerte kontrakt på oppgradering av fylkesveg i Fjaler
Fylkesvegstrekninga mellom Holmeli og Nistadlia skal få gul midtstripe. Vestland fylkeskommune signerte i går kontrakt med Entreprenørservice AS.
Strekninga er på om lag 1,65 kilometer, og går mellom Holmeli og Nistadlia i Fjaler kommune. Eksisterande veg skal utbetrast, mellom anna ved å utvide frå einfeltsveg til tofeltsveg, bygge fire nye busstopp og fleire nye sidevegar.
– Vi er veldig glade for å endeleg komme i gang med bygginga, for dette prosjektet har mange venta på i fleire år. Det har også dukka opp hindringar undervegs, mellom anna kvikkleire som har forsinka prosjektet, seier avdelingsdirektør Dina Lefdal.
Prosjekteringa av ny veg mellom Holmeli og Nistadlia var godt i gang allereie for to år sidan, men i samband med prøveboringar på strekninga vart det avdekka eit område med kvikkleire. Dette kravde omlegging av vegen, og kompliserte endringar i korleis vegbygginga skal utførast.
Når kontrakten no er signert skal partane inn i ei oppstartsfase, før arbeidet kan gå i gang i månadsskiftet april/mai. Innan den tid må viktige avklaringar knytt til stengetider og framdrift avklarast.
Førdefirmaet er klare for innsats.
– Vi er veldig glade for at vi fekk dette oppdraget, og gler oss til å komme i gang, seier dagleg leiar i Entreprenørservice, Thomas Østerbø.
Publisert 28. mars 2023