God framdrift på fv. 57 Holmeli-Nistadlia

Vi er godt i gang med grøftearbeid, og rør til overvatn og kablar skal ned i bakken. Forbipasserande får no eit inntrykk av korleis den nye og utbetra strekninga på fylkesveg 57 langs Dalsfjorden vil bli.

Bilde frå vegbygging. Vegen går langs bratte fjell ved fjord, mykje mur og grøne bøar. Sol og sommar.
TRYGT: Området der kvikkleira vart henta ut er erstatta med stabil masse, graset er grønt og spora etter arbeidet er viska ut. Vegen er lagt ut på ny mur som står på stabil grunn.

Kvikkleira som vart oppdaga under prosjektering av ny fylkesveg mellom Holmeli og Nistadlia  ligg trygt lagra i eige deponi, og området er planert og dekka av gras. 

– Utgravinga og flyttinga av kvikkleira gjekk heilt som planlagt, kanskje betre enn vi håpa, seier Bjørn Andre Storøy, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Førebuingane starta før jul, men sjølve utskiftinga av kvikkleira gjekk i gang i januar. I løpet av dei neste vekene vart kvikkleira gravd opp og køyrt til eige deponi – eit kvikkleirebasseng. Holet vart fylt att med stein, og området der vegen skal utvidast kunne friskmeldast.

Ei stor byggegrop med mykje leire. Mann i gule vernekle står til høgre i bildet, blir liten i forhold til størrelsen på byggegropa.
BYGGEGROP: For å sikre at den nye vegen står på stabil grunn, måtte ein grave seg 18 meter ned, fjerne kvikkleira og erstatte den med stein.

Grunna fare for utgliding av vegen måtte første del av utgravinga av kvikkleire utørast i ei veke med nattestenging. Ut over dette vart utgravinga gjennomført innanfor vanlege stengetider.

– Vi har i alt køyrt vekk om lag 3000 kubikk med kvikkleire, noko som tilsvarar 350 lastebillass. Kvikkleire finst i mange former, med varierande væskenivå. Den kvikkleira vi grov opp på Holmeli var ikkje heilt flytande, men den ville ikkje tolt den nye vegfyllinga, fortel byggeleiar Svein-Henning Råheim.

– Når kvikkleira var flytta, kunne vegbygginga halde fram. Mykje er gjort, men det står framleis att noko sprenging og muring. Utover hausten blir det mykje arbeid med grøfter og vegoppbygging, noko som vil kreve omlegging av trafikken på korte strekningar. I tillegg kjem tilstelling av sideareal, seier Råheim.

Skal vere ferdig neste vår

Sluttfristen som er sett i kontrakten er mai 2025.

– Det teiknar til at vegprosjektet kan bli ferdig før, men vi skal ikkje forskottere noko, seier prosjektleiar Storøy.

Han minner også på at ein haust med mykje nedbør kan sette sitt preg på anleggsvegane.

 – Det kan oppstå slagholer i vegen, så køyr varsamt og etter forholda inne på anleggsområdet, oppmodar prosjektleiaren.