Skal i gang med planarbeid på fylkesveg 55 – ynskjer innspel
Vestland fylkeskommune skal i samarbeid med Luster kommune i gang med detaljreguleringsplan for utbetring av fylkesveg 55 mellom Høyheimsvik og Nes.
– Vi ynskjer at naboar og grunneigarar på strekninga sender inn synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss. Det kan vere spesielle tilhøve rundt eigedomar, eller kartlegging av brønnar og vassleidningar, avløpsleidningar, septiktankar og installasjonar som ikkje er synlege, seier Gunhild Sande, planprosjektleiar i Vestland fylkeskommune.
– Vi er også interessert i tilbakemelding frå aktørar som kan ha nytte av overskotsmassar frå anlegget, legg ho til.
Om planarbeidet
Planarbeidet skal legge grunnlag for betre framkomst og auka trafikktryggleik på strekninga mellom Høyheimsvik og Nes. I tillegg til regulering av ny vegtrasé, hovudsakleg i eksisterande veglinje, skal det i planarbeidet setjast av områder utanom vegstrekninga som skal nyttast til masselagring, permanente deponi og riggområder for prosjektet.
Det kan også bli aktuelt å bruke overskotsmassar til utbetring av fylkesvegen i eit parti aust for Høyheimsvik. Det skal ikkje gjennomførast tiltak som medfører direkte inngrep i Lustrafjorden.
– Målet er å ha ein godkjent reguleringsplan tidleg i 2024, og at bygginga kan starte same år, seier Sande.
Dersom du har merknader eller synspunkt til oppstart av planarbeidet kan du
- sende dei inn via Innbyggjardialog
- e-post til post@vlfk.no
- eller til Vestland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN
Publisert 1. desember 2022