Fv. 5208 Gang- og sykkelveg langs Kjøkkelvikveien

Kjøkkelvikveien er ein skuleveg og målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken langs Kjøkkelvikveien for skuleelevar og andre mjuke trafikantar ved å tilrettelegge for eit attraktivt, trygt, effektivt og samanhengande gang- og sykkelvegtilbod langs vegen.

Vestland fylkeskommune skal utarbeida ein reguleringsplan for å betre situasjonen for mjuke trafikantar langs Kjøkkelvikveien. Planarbeidet skal vere eit grunnlag for bygging av ein gang- og sykkelveg på strekninga langs Kjøkkelvikveien mellom Fæsterhuset og Lyderhornsveien i Laksevåg bydel.

Fakta

Fase: planlegging
Veg: fylkesveg 5208
Område: Bergen
Kostnad: 46,3 mill.kr. (2022). Prosjektet er finansiert gjennom Miljøløftet.

Varsel om oppstart på arbeidet med reguleringsplanen

Våren 2024

Start på arbeidet med reguleringsplanen

Våren 2024

Informasjonsmøte på Kjøkkelvik skule

I mai gjennomførte Bergen kommune, Norconsult, Vestland fylkeskommune informasjonsmøte for berørte om planarbeidet for gang- og sykkelveg langs Kjøkkelvikveien.

Høyring og innspel

Mai/juni 2024

Arbeidet med å utarbeide ein reguleringsplan for løysing for mjuke trafikantar langs Kjøkkelvikveien er ein del av Miljøløftet. Prosjektet er formelt vedtatt etter plan- og bygningslova og skal vere eit grunnlag for bygging av gang- og sykkelveg på strekninga Kjøkkelvikveien mellom Fæsterhuset og Lyderhornsveien på Laksevåg.

Kjøkkelvikveien er ein skuleveg for elevar på Kjøkkelvik barne- og ungdomsskule. I tillegg er det ein del born og unge som ferdast i området til og frå fritidsaktivitetar.

Det er høg  trafikk på denne vegen i dag, og det er ein stor del tyngre køyretøy som køyrer til oljeanlegget i Skålevik og næringsområda i Kjøkkelvik.

På strekninga frå krysset ved Sundby-Hvorups veg og sørover er det i dag ein gang- sykkelveg på vestsida som ikkje er etter dagens standard og tilfredsstiller heller ikkje dei krava til som er satt for å betre trafikktryggleiken i området.  

Har du innspel til planarbeidet?

Vestland fylkesommune ønsker dine synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar i planarbeidet knytt til kjøkkelvikveien. Her er det er mogleg å teikne på kartet, alternativt å leggje ved filer som du har liggjande. Alle innspela vil bli registrert og teke med vidare i prosessen.

Gje dine innspel til planarbeidet gjennom vår nettbaserte løysing.
innan 31. august.

Når det er laga eit utkast til reguleringsplan, blir det arrangert eit ope møte og/eller ein kontordag for dei som er interessert eller berørt av arbeidet. Vi vil legge fram planutkastet. Etter dette blir reguleringsplanen gjort ferdig og lagt ut til offentleg ettersyn.

Prosjektet er ein del av Mijløløftet som er namnet på byvekstavtalen for bergensområdet. Dette er eit samarbeid mellom Samferdselsdepartementet med Statens vegvesen og Jernbanedirektoratet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet med Statsforvalteren i Vestland, Vestland fylkeskommune og kommunene Bergen, Alver, Askøy, Bjørnafjorden og Øygarden.

Den nye byvekstavtalen sikrer over 16 milliarder kroner i investeringar i bergensområdet fram til 2029. Les meir om prosjekta på  miljøløftet.no

miljøløftet.svg

Relatert informasjon

I forbindelse med planarbeidet skal Norconsult gjennomføre diverse kartleggingar, også barnetråkk. Arbeidet med å planlegge gjennomføring av dette er akkurat startet. 

Sjå meir informasjon om barnetråkk.  

Kontaktpersoner

Kari Seim

Planleggingsleiar

Sjå saksdokument om reguleringsplanen