Bertelsen og Garpestad AS er tildelt kontrakten for ny fylkesveg på Bømlo
Vestland fylkeskommune har tildelt Bertelsen og Garpestad AS kontrakten for vegprosjektet Hestaneset – Sakseid – Ekornsæter.
Tilbodet frå Bertelsen og Garpestad AS var på 470 924 579 mill.kr. (eks.mva). Det var totalt tre tilbydarar som gav tilbod på arbeidet:
Bertelsen og Garpestad AS 470 924 579 kr. eks. mva.
Risa AS 505 241 266 kr. eks. mva.
Vassbakk & Stol AS 483 790 643 kr. eks. mva.
No tek dei sikte på å signere kontrakten etter at karensperioden på ti dagar er over.
Endeleg i gang
-Totalentreprenøren som har fått tildelt kontrakten har eit godt løysingsforslag på arbeidet, og den lågaste tilbodssummen i konkurransen. Vi har god erfaring med Bertelsen og Garpestad AS frå før, som mellom anna har hatt fleire vegprosjekt for fylkeskommunen og Bømlopakken tidlegare. Til dømes fv. 541 Hestaneset – Sakseid del 1 og fv. 541 Hestaneset – Tjong.
-Den nye fylkesvegen er den siste puslebiten som bind saman aksen frå nord til sør i Bømlopakken. Får vi til å starte arbeidet så snart som mogleg, så reknar vi med at fortau til Våge skule vil stå ferdig tidleg i 2025, seier John Nordseth Nesse, prosjektleiar for Bømlopakken i Vestland fylkeskommune, som gler seg til å endeleg kome i gang.
Folk skal bli informerte
I arbeidet med den nye fylkesvegen seier prosjektleiaren at mange forskjellige aktivitetar blir sett i gang.
- Dette vil til dømes vere sjøfylling, brubygging, masseutskifting, nydyrking av areal og arbeid for Bømlo vatn og avlaup, samt Finnås kraftlag. Vi skal sjølvsagt informere om framdrifta i arbeidet, og ikkje minst kva vi vil gjere ved Ramnabrotet, Sakseidvågen, Kulleseid sentrum og ny veg over Ersland, seier Nesse.
Før arbeidet startar i marka, vil fylkeskommunen i lag med entreprenøren arrangere folkemøte for bygda, naboar og andre interessentar.
Prosjektområdet er på totalt 7,5 kilometer og strekker seg frå Våge i sør til Ekornsæter i nord. Om lag 4 kilometer av strekninga er i jomfrueleg terreng og 3,5 kilometer blir ny veg langs eksisterande veg.
Den nye fylkesvegen er ein del av revidert Bømlopakke, og er det siste vegprosjektet i bompengepakken.
Publisert 13. september 2024