Gamle Ravnangervegen blir stengt for gjennomkøyring
Gamle Ravnangervegen ved Berget blir stengt for gjennomkøyring frå sundag 5. januar kl. 20 til starten av mai 2025.
Årsaka til vegstenginga er at det skal byggast eit nytt vegkryss ved Berget og inn mot den nye fylkesvegen.
For at trafikantar skal komme seg fram, så vil den nye Ravnangervegen opna for trafikk når den gamle Ravnangervegen stenger. Det er ikkje mogleg å køyre ut på den nye fylkesvegen ved Berget. Bebuarar som bur langs Gamle Ravnangervegen må difor køyre til Lavik for å kome seg ut til nye Ravnangervegen.
Busstoppa blir midlertidig flytta over til den nye Ravnangervegen, og blir flytta tilbake til Gamle Ravnangervegen når krysset er fedig bygd.
Her kan du få meir informasjon om bussruter.
Gang- og sykkelvegar i området
Mjuke trafikantar som skal ta seg fram på den nye Ravnangervegen må bruke dei lokale vegane i området ved Hilleren og Monsakleiva. Her kan du bruke gang- og sykkelvegen om du til dømes skal til Haugland skule eller Juvik.
Skal du krysse den nye Ravangervegen kan du bruke midlertidig overgangsfelt ved Berget som ligg på stien under Berget bro ved Hillerenvegen. Eit anna alternativ er å bruke fortauet over Hilleren bru. Det er også mogleg å bruke fortau over Kråvik bru lenger sør på den nye Ravnangervegen.
Det planlagte nye krysset ved Storebotn industriområde blir ikkje bygget, men det blir etablert gangfelt på staden.