Støyande arbeid frå veganlegget

Vi skal sikre at arbeidet på våre vegprosjekt skjer innafor dei avgrensingane av støy som vi må følge. Det betyr at det er reglar for kva vi kan arbeid med på ulike tidar på døgnet.

Det er krav om varsling til nabolag dersom vi må arbeide utanfor fastsette arbeidstidar. Arbeidstidane for støyende arbeid vil vere ulike ut i frå type arbeid på vegprosjektet. 

Retningslinjer:

Miljøverndepartementets støyretningslinje T-1442 kap. 4 har oppmoda grensar for bygge- og anleggsstøy. Sjå meir informasjon på www.miljøkommune.no.

Korleis melde inn unormale støyforhold: 

Bor du nærleiken til anleggsområdet og opplev unormal auke av støy, så kan du sende ein e-post om forholda. Legg inn informasjon om:

  • Gate eller vegadresse
  • Fullt namn
  • E-postadresse
  • Kort beskriving av støybilete
  • Beskriving kva tiltak du sjølv har gjort
  • Dette kan du gjere sjølv for å redusere støy:

  • Hald vindaugar og ventilar ut mot gata lukka.
  • Lukk dørar til rom som er ut mot gata.
  • «Sov-i-ro»-proppar i øyrane kan vere eit godt hjelpemiddel.


Har du spørsmål?

Send e-post til: entreprenor.lavik-haugland@sartordrange.no