Arbeidet startar i 2024

Bertelsen & Garpestad AS skal bygge ein 2,5 kilometer ny veg mellom Slettebrekka og Hetlevik.

Vestland fylkeskommune har signert kontrakt med firmaet Bertelsen & Garpestad AS på vegarbeidet på fv. 5246 Slettebrekka-Hetlevik i Askøy kommune.

Bilete som viser hus, skog og gruslagt felt eit stykke inn i terrenget.
START PÅ ANLEGGSOMRÅDE: Her i Slettebrekka startar arbeidet på den nye fylkesvegen. (Dronebilde: Ole Andrè Helland Olsgaard)

Arbeidet omfattar prosjektering og bygging av ny fylkesveg på om lag 2,5 kilometer, der 580 meter med tunnel er inkludert, samt to rundkøyringar i Haugadalen og i Hetlevik. Den nye vegen skal betre trafikktryggleiken og avlaste dagens veg.

I 2023 blei det gjennomført marknadsdialog og tilbodskonferanse med godt oppmøte frå bransjen. Fylkeskommunen tildelte entreprenøren arbeidet like før ferien.

Transport av stein

Det blir ein del sprenging i arbeidet med den nye fylkesvegen, og det vil bli sprengt ut om lag 300 000 kubikkmeter med stein som dels vil gå til bruk i vegbygginga og dels køyrt bort.

— Dette utgjer om lag 25 000 lastebil-lass med stein. Transport av steinen vil skje på vegen ut frå Slettebrekka og inn på Follesevegen, seier byggeleiar Ingrid Margrethe Fjordheim Sunde.

Frem mot årskiftet vil entreprenøren starte arbeidet med prosjektering av arbeidet og rydding av vegetasjon for å få på plass ein anleggsrigg i området. I tillegg vil dei starte på anleggsvegen frå Slettebrekka og inn i terrenget.

Kontraktsummen er på om lag 346 millinonar kroner, der Askøy kommune er med for å etablere vann- og avløpsanlegg. Arbeidet startar i løpet av 2024 og skal vere ferdig sommaren/haust 2027. 

 

Publisert 27. august 2024