Mange som deltok på informasjonsmøte

Det har vore informasjonsmøte om arbeidet med ny fylkesveg mellom Slettebrekka-Hetlevik. Det var mange som møtte opp og fekk svar på spørsmål rundt vegarbeidet. Engasjementet var høgt.

Entreprenør Bertelsen & Garpestad har saman med Vestland fylkeskommune halde informasjonsmøte med berørte bebuarar på Askøy. Her var målet å presentere prosjektgruppa, informere om planane for vegarbeidet og ikkje minst seie noko om korleis ein vil kommunisere til beburarar som har vegarbeidet tett på seg. Her var det også mogleg å svare på spørsmål.   

Tryggleik ved anleggsområde

Entreprenøren sa at det skal vere trygt for alle om ein er i nærleiken av vegarbeidet eller når ein skal krysse vegen. Publikum må respektere anleggsgjerde og følge skilting i området. Derfor er det viktig at ingen går inn på sjølve anleggsvegen når det er arbeid på gang. Entreprenør har hatt møte med turlag og skular i området for å tilrettlegge for trygge skuleveger og trygg kryssing i samband med turgåing i området. Det blir etablert overgangsfelt med oppmerking og skilt i oppkøyring til Slettebrekklia frå Follesevegen. Frå Slettebrekklia og ut på vegen kjem det vikepliktskilt. 

"Siktdag" på skulane

Det blir arrangert «siktdag» på skulane der elevar skal få opplæring i blant anna å halde avstand og vite om blindsonar til sjåførar av anleggsmaskinar. 

Avgrensing av støy og støv 

Det blir mykje aktivitet i Slettebrekka. Her er sjølve riggområde for entreprenør og byggherre. Det blir gjort tiltak for å avgrense mengde med støv og støy. Dette blir gjort i form av vatning, bygging av støyvollar og ingen jobbing på kveld/natt. Entreprenør understrekar at alle er velkomne innom for å gi både ris og ros.  

Vibrasjonsmålarar

Som ein del av dokumentasjonen og loggføringa på vegprosjektet blir det plassert ut vibrasjonsmålarar/sensorar for rystingar hos naboar. Det er viktig at entreprenør får tilgang til å montere målarar. I motsatt fall vil det bli utfordrande og vanskeleg å dokumentere forhold og tilstand før og etter eventuelle skadar/endringar. 

Tekstmelding om sprenging

Om du ønsker varsel når det er sprenging, kan du registrere deg her:  www.nabovarsling.no . Det kjem eit lydsignal før sprenging, og det er viktig at alle held avstand frå området der lyden kjem i frå. 

Samling av folk i en sal. På veggen heng det ein presentasjon.
Godt oppmøte på informasjonsmøte. Foto: Ingrid Fjordheim Sunde

Publisert 18. desember 2024

Kva skjer i anleggsperioden når det gjelder tilkomst til naturen?

Svar:
Entreprenør vil arbeide med å etablere to stadar å krysse vegen ved hhv Fjelltunvegen og i Nibbene. I Nibbene blir det lagt opp til tursti med skilt/merking for at gåande går over tunellen, og ikkje bort til anleggsområde. Entreprenør har dialog med dugnadsgjengen.

Kor skal steinknuseverket stå?

Svar:
Det er planlagt etablering av steinknuseverk ved dei djupe fjellskjeringane i Haugadalen, for å redusere støy.

Er det plan om veg nede i Haugadalen?

Svar:
Nei, det vil kun vere anleggstrafikk inn/ut via Slettebrekka.

Kva tid blir steinknuseverket etablert?

Svar: 
Steinknuseverket blir etablert i april 2025.  

Kor skal stein frå tunell brukast?

Svar:
Mykje av steinen går til gjenbruk i fyllingar, og tillegg blir ein del stein køyrt bort i hovudsak lokalt på Askøy.

Kva er tenkt i forhold til hjort? 

Svar:
Entreprenør har erfaring frå prosjektet Åsen - Helleskaret i Os kommune. Der er det kun observert spor etter hjorten om morgonen. Det kan se ut til at den trekker seg vekk frå anleggsområdet. Vi har heldigvis ikkje hatt nokon hending med dette.

Blir det bygd veg utan fortau? Veglys og gangveg ligg som opsjon, og dette ryk vel først ved budsjett sprekk? 

Svar:
Det er riktig at etablering av fortau og veglys er lagt inn som opsjonar. Det vil bli bygd ein ‘enkel’ veg, men vi skal vurdere etablering av fortau og veglys. Fylkeskommunen vil sjå på dette etter kvart som det blir aktuelt.

Korleis blir vegen når den er ferdig?

Svar:
Den nye fylkesvegen vil bli ein enkel og oversiktleg veg. Vegen vil gå gjennom terreng, høge skjeringar og tunell før den kjem ut i tettstaden i Hetlevik.

Kva blir fartsgrensa?

Svar:
Retning nord vil fartsgrensa bli 40 km/t frå rundkøyringa i Follesevegen og opp i Slettebrekklia. Den blir 60 km/t frå Slettebrekklia og til Haugadalen (første rundkøyring) og det blir 50 km/t gjennom tunnel, 40 km/t i Hetlevik. Det blir ikkje etablert fartsreduserande tiltak som humpar/puter.

Korleis blir vegen kopla til Slettebrekklia? 

Svar:
Ny fylkesveg vil bli kopla og tilpassa oppkøyringa til Slettebrekklia. Vegen opp til Slettebrekklia blei utbetra med breiare veg, betongkant med rekkverk og fjellsikring i form av nett i 2020-2021. Området blir tilpassa til høgda på ny og ‘gamal’ veg, men ingen store endringar.

Kva blir prosessen i forhold til gangveg? 

Svar:
Det er ikkje tatt med nokre krysningspunkt i reguleringsplanen når det gjeld turstiar. Entreprenør kan i detaljprosjekteringa vurdere området frå terrenget og opp til vegen.

 Er det mogleg å kome med ønsker og innspel til prosjektet?

Svar: 
Høyringsfristen for innspel og merknadar i forbindelse med reguleringsplanen er gått ut. Ta kontakt med Askøy kommune. Kontaktinformasjon finn ein på nettsida til kommunen. Vestland fylkeskommune er ikkje rett instans angåande reguleringsplanen og eventuelle klagar/førespurnadar. For spørsmål om vegprosjektet eller grunnerverv i prosjektperioden så send ein e-post til askoypakken@vlfk.no


Totalentreprenør Bertelsen & Garpestad bygger ny fylkesveg for Vestland fylkeskommune og vil gi fortlaupande informasjon om vegarbeidet til bebuarar i området. Har du spørsmål så ta kontakt pal.thornes@bg.no

Framtidig byggefelt i Haugadalen vil genere ny skoleveg. Blir det tilrettelagt for framtidig gangveg her?

Svar:
Det vil mest sannsynleg bli etablert. Fylkeskommune vil sjå på dette når det blir aktuelt.

Blir dei høge fjellskjeringane sikra?

Svar:
Ja, skjeringar langs ny fylkesveg blir sikra etter krav til sikring og oppsetting av gjerde.

Kva er arbeidstida på vegprosjektet? 

Svar: 
Entreprenøren har arbeidstid frå kl.07:00 - 20.00 i vekedagane, og laurdagar til kl. 16.00.

Er det tatt omsyn til folk som kjem frå andre stadar enn Askøy som skal finne parkeringsplassar i turområda?

Svar:
Det blir lagt til rette for parkeringsplassar i kollektivområdet i Haugadalen. Her kan turgåarar parkere. Sjå reguleringsplan merket med o_SPP1.

Blir det bussterminal? 

Svar:
Det blir satt av plass til framtidig bussterminal i Haugadalen. Det er Skyss som styrer planlegging og framtidig bruk av denne.

Kor mange parkeringar blir det?

Svar:
I Haugadalen er det eit stort og ope areal med god plass for parkeringsplass, men pt er det vanskeleg å seie talet på parkeringsplassar. Det blir ikkje tilrettelagt med moglegheit for å parkere langs vegen.

Kvifor blir det ikkje tatt omsyn/tilrettelagt for turstiar med kryssing av vegen? Meinar at dette var med i reguleringsplanen.

Svar:
Det er ikkje tatt med kryssingspunkt i reguleringsplanen som vi bygger etter. Har du spørsmål om reguleringsplanen så ta kontakt med Askøy kommune.

Korleis blir det med telemastar og mobildekning i området? 

Svar:
Dette blir styrt av Telenor. I samband med prosjektet blir det blir satt opp ei mast i Haugadalen i tilknytning til teknisk bygg og i samband med tunnelen. Her blir det tilkopling til blant annet naudnett, DAB mm.

Kva skjer med skogen og det som felles av trær?

Svar:
Vegetasjon og skog blir fliset opp. Det blir ikkje sal av ved.

Kva skjer med vegen inn til Block Watne sitt framtidige byggefelt? 

Svar:
Prosjektet avsluttar nokre meter etter kollektivterminalen. Her vil Block Watne kople seg på når fylkesvegen står ferdig.

Blir vatn og avlaup lagt ned i fortau?

Svar:
Askøy kommune legg vatn- og avlaupsleidningar for vegoppbygging i fortauet.

Det er mange som er nysgjerrige på kva som skjer i prosjektet og i anleggsområdet. Får publikum kome å sjå? 

Svar:
Totalentreprenør tenker å arrangere en ope dag slik at folk kan kome å sjå seg rundt på anlegget. 

Kva tid skal prosjektet vere ferdig? 

Svar:
Vegen skal vere ferdig til sommaren/haust 2027.  

Kor lang tid tar prosessen med skjeringane? 

Svar:
Det tar mellom 6 til 7 månadar med arbeidet og steinknusing i samband med skjeringane. Det blir mindre støy i 2026 og før arbeidet flytter seg ned i Hetlevik.

Korleis blir det med veg på anlegget? 

Svar:
Det blir etablert ein pilotveg for å kome langt inn på veganlegget. Det skal vere mogleg å køyre til tunnelen for anleggsmaskiner. Dette for å avgrense og sikre anleggsområdet med blant anna gjerde.

Korleis er det med anleggsaktivitet og ferie? 

Svar:
Det vil vere stengt og ingen anleggsaktivitet i fire uker om sommaren og i samband med påske, jul og andre heilagdagar.

Blir det endringar i Slettebrekklia?

Svar:
Det blir ikkje gjort endringar utover at det blir etablert eit gangfelt ned mot rundkøyringa. Tilpassingar mellom ny og ‘gamal’ veg blir gjort, men ingen store endringar. Slettebrekklia er ein kommunal veg.

Er det noko ørret i Damskjerbekken? 

Svar:
Entreprenør har vore på befaring med grunneigar og dei fant overraskande mykje fisk i Damskjerbekken. Det blir gjort tiltak for å bevare fisken gjennom anleggsperioden.

Korleis skal tryggleiken til mjuke trafikantar frå Slettebrekklia ivaretakast?

Svar:
Mjuke trafikantar som kjem ned frå Slettebrekka og ellers i området, må bruke midlertidig oppmerka gangfelt og følge fortau i retning Follese. Stien som går inn i skogen blir sperra av og kan ikkje brukast. Brakkeriggen blir satt opp i dette området, og all trafikk inn og ut av anlegget vil køyre her. Entreprenør ber om forståing og respekt for anleggsarbeidet.

Vil det kom fiber og høgspent i tunellen?

Svar:
Ja, høgspent blir ført gjennom tunellen.

Blir vatn og avlaup oppgradert?

Svar:
Askøy kommune etablerer nytt vatn og avlaup system og pumpestasjon ved Eide. Herfra blir det pumpa vidare til reinseanlegg på Horsøy.

Hvorfor skal tunellen drives frå toppen og nedover mot Hetlevik?

Svar:
Årsaken er at vi ikkje ønsker å belaste dagens fylkesveg til Hetlevik med anleggstrafikken som vil gå fram og tilbake til veganlegget. Vegen til Hetlevik er eineste veg inn og ut for bebuarar gåande og anna trafikk.  

Ka gjer dåke med drivevann når det gjeld forureining. Blir dette reinsa?

Svar:
Ja alt blir samla  tankar/basseng og blir reinsa og filtrert.  

Kvifor blir det ikkje anna stigning på tunellen og tilrettelagt for gang- og sykkelveg?

Svar:
Mykje er bestemt på førehand. I reguleringsplanen er det planlagt med ein tunell for køyrande, og den nye fylkesvegen blir meir trafikksikker og vil avlaste dagens fylkesveg. Tunellarbeidet foregår frå Slettebrekka.

Kor mykje kostar det med masseoverskot, og er gjort berekningar på det? Er det Sotra som er mottaket?

Svar: 
Stein skal brukast i vegbygging og fyllingar. Mykje av steinen blir knust på plassen i steinknuseverket i Haugadalen. Ein del av steinen kan selgast til blant anna lokale anlegg på Askøy. Alle massar blir kjørt ut frå Slettebrekka. Her blir det etablert eit nytt gangfelt og det blir vikeplikt for køyrande som kjem ned frå Slettebrekka. Dette blir gjort av omsyn til bremselengde for anleggskøyretøy. Vegbygginga blir gjort i tråd med vedtatt reguleringsplan.


Når startar arbeidet i Hetlevik?

Svar:
Totalentreprenør startar med tunellen ned mot Hetlevik i september 2025. Det tar om lag  6 til 7 månadar å sprenge ut tunellen. I løpet perioden kjem maskinar, utstyr og anna på plass i Hetlevik. Det blir også vegetasjonsrydding, sikring av mur og fjerning av bygg i denne perioden. Det kjem meir informasjon om dette ved oppstart i Hetlevik i 2026.