Fv. 5266 Fromreide-Kjerrgarden

Arbeid med ny fylkesveg mellom Fromreide-Kjerrgarden er eit av dei ti prioriterte prosjektene i Askøypakken. Fylkesvegen er hovudsambandet til nordre del av Askøy. Dagens veg er smal og det er ikkje godt nok tilbod til gåande og syklande. Fv. 562 og fv. 222 er skuleveg og ny veg skal betre trafikktryggleiken for mjuke trafikantar.

Utviding av fylkesvegen og bygging av gang- og sykkelveg langs hele strekninga fra Fromritoppen senter og vel 2,5 km aust og mot Kjerrgarden. I tillegg skal fv. 222 utberast med fortau frå krysset ved fv. 562 mot Nordre Haugland.

Fakta

Fase: Prosjektering
Veg: Fylkesveg
Område: Askøy

Prosjektering og utlysing av arbeidet

I løpet av 2026

Byggestart

Planlagt 2027/28 og planlagt byggetid på 2-3 år.

I gang med prosjektering

No er arbeidet med planlegging og kjøp av eigedom er i gang på prosjektet. 

Grunn- og miljøundersøkingar som starta i februar i år, vil fortsetje fram til våren. Det er sendt ut informasjon pr. post frå fylkeskommunen til berørte om undersøkinga.

Når det gjeld grunnerverv har fylkeskommunen sendt ut informasjon pr. post til alle berørte. Grunneigarar vil få besøk av fylkeskommunen etter kvart.

Prosjektgruppa vil framover drive med kartlegging og søknadar i forbindelse med byggearbeidene. I tillegg detaljprosjektere veg og teknisk infrastruktur.

Vestland fylkeskommuen samarbeider med Askøy kommune VA avdelinga, lokale e-verk, strøm og fiber.

Har du spørsmål kan du sende ein e-post til:
post@vlfk.no merk med SAK: 2025/7191