Har signert kontrakt

Vestland fylkeskommune har signert kontrakt med firmaet Bertelsen & Garpestad AS på vegarbeidet mellom Åsen og Helleskaret i Bjørnafjorden kommune. 

Arbeidet er bygging av om lag 2 kilometer ny fylkesveg. Vegen skal knyte saman Drange og Lysekloster til ny E39.

Vegen kostar om lag 200 mill.kr. og er eit spleiselag mellom Bjørnafjorden kommune og Vestland fylkeskommune.

Arbeidet startar til hausten og skal vere ferdig sommaren 2025.

To personar som tar kvarandre i henda over eit bord med papir.
f.v. Kjell Hagesæter, prosjektleiar frå Vestland fylkeskommune og Øyvind Langemyhr dagleg leirar i Bertelsen & Garpestad har signert kontrakten.
Mennesker som står på ei rekke.
Fra venstre: Per Martin Sæhle, byggeleiar Bjørnafjorden kommune, Ingjerd Næsheim Monclair, kontrollingeniør i Vestland fylkeskommune, Marius Navarsete Lydvo, prosjektleiar Vestland fylkeskommune, Øyvind Langemyhr, dageig leiar Bertelsen & Garpestad Richard Gangstøe, byggeleiar i Vestland fylkeskommune, Kenneth Rott, prosjektleiar i Bertelsen & Garpestad, Sveinung Klippen, kalkulatør i Bertelsen & Garpestad Foto: Marius Navarsete Lydvo