Godt i gang med anleggsarbeidet

Spesielt i den austlege delen av anleggsområdet kan ein i dag sjå mykje aktivitet.

Kontorrigg på på plass

-Så langt har vi tatt ut ein del berg for å at vi skal få på plass kontorriggen til både entreprenør og byggherre, seier byggeleiar Richard Johan Gangstøe. Han legg tl at riggen ligg vis’a’vis Post Nord terminalen i Åsen, og det no er snart klart for at byggherre kan flytte inn.

Brakker langs en veg og en plass med lastebiler.
Kontorriggen til Vestland fylkeskommune og entreprenør er på plass. Foto: Richard Johann Gangstøe

Anleggsveg i området 

Entreprenøren har laga anleggsveg frå starten av prosjektet og mot Leirdalane.

-Dette er gjort for at det skal vere enklare å starte på sjølve sprengingsarbeidet og etablering av sedimenteringsbasseng. Bassenget blir plassert midlertidig i Leirdalane. Entreprenøren vil fortsetje med å lage anleggsveg mot vest, seier han.

Lagt om bekkar 

I starten av anleggsarbeidet har det vore arbeidd med å etablere midlertidige løysingar for både vatn og overvatn.

-Det er viktig å få lagt om bekkar, slik at vi får til mest mogleg reint vatn utanom der ein bygger. På denne måten  minskar ein faren for vassforureining. Vi skal også etablere midlertidig leidning for drikkevatn, sidan den eksisterande ligg i Helleskaret der vi skal grava ut ubrukbare massar for så å etablere sprengsteinsfylling, seier Gangstøe.

Anleggsveg i terreng og gravemaskiner som står på bakken.
GODT I GANG: Med den nye fylkesvegen mellom Åsen-Helleskaret Foto: Richard Johann Gangstøe
Grusete anleggsveg i terrenget og lastebil som står langs vegen.
Foto: Ridhard Johann Gangstøe