Status sommar 2024
Anleggsarbeida blir stengde ned i veke 28–30. i Denne perioden er det ingen aktivitet på anlegget.
Vi takkar alle som ferdast langs anlegget for tolmodet, og ønsker dykk en retteleg god sommar!
Bakgrunn for prosjektet
Bebuarane langs Hatvikvegen (Solstrand og Bø og Midtbø) har i dag ingen fortau eller gang- og sykkelveg mellom heim og skula/barnehage eller heim og jobb på Osøyro. Det er ikkje mogleg å gå eller sykla til næraste busstopp utan å bevega seg i køyrefeltet for bilane på Hatvikvegen.
Etablering av ei trygg løysing for gåande og syklande vil av den grunn redusera dagens kortdistansetransport med personbil og leggje til rette for at bebuarar kan velgje sykkel, gonge og kollektivtransport framfor personbil.
Samtidig med gang- og sykkelvegen skal det leggast ned infrastruktur i form av vatn, avløp og fiber, og Bøtre bru vil bli erstatta av ein kulvert.
Sjå også nyhetssak fra første spadetak hos Miljøløftet:
https://miljoloftet.no/nyheter/2024/endeleg-forste-spadetak-for-hatvikvegen/