Driftskontrakt Sunnfjord nord 2024-2029
Anbodsprosess med marknadsdialog - klimagassreduksjon i driftskontraktar.
Vestland fylkeskommune har ambisiøse klimamål, eit av dei er å redusere klimagassutslepp og vere utsleppsfri innan år 2030. Drift og utbygging av fylkesveg skal bidra til å nå klimamåla.
Om driftskontrakta
- Vestland skal inngå ny drifts- og vedlikehaldskontrakt for området Sunnfjord nord: "Driftskontrakt 4609 Sunnfjord nord 2024-2029".
- Anslått totalverdi: 250 millionar kroner
- I anskaffingsprosessen er det valt “Driftskontrakt med forhandlingar”, med marknadsdialog i forkant.
Dialog med entreprenørmarknaden før anskaffinga blir lyst ut skal gje berekraftige tenester frå entreprenør, med merksemd på klimagassreduksjon.
Tidsplan og fristar 2023
29. juni | dialogkonferanse |
28. juli | Frist for skriftlege innspel og påmelding til ein til ein-møte. |
23.-25. august | Ein til ein-møte, digitale, 30 min. |
Ein til ein-møte
- digitale møte med fylkeskommunen
- 23.-25. august, 30 minutt.
- Bestill tid med Sturla Alvheim
Dialogkonferanse
Vestland inviterte marknaden til digital dialogkonferanse om kontrakta 29. juni 2023:
- Sjå opptak av dialogkonferansen om Driftskontrakt Sunnfjord nord
- Program for dialogkonferansen 29. juni
Klimagassreduksjon - viktige spørsmål i anbodsprosessen
- Korleis kan fylkeskommunen bidra til klimagassreduksjon gjennom driftskontraktane sine, og korleis kan entreprenørane bidra?
- Kva løysingar kan marknaden tilby no og framover?
- Korleis kan vi få betre praksis med omsyn til biologisk mangfald, verneområde og
ureining anna enn klimagassar? - Korleis få best mogleg driftsløysing på klima og miljø, generell drift, vinterdrift og pris.
Målsetting med marknadsdialogen
Utgangspunktet er Statens Vegvesen si driftskontrakt 9201 Vestfold og Telemark øst 2023-2028, der entreprenørar konkurrerte på fire område: klima og miljø, vinterdrift, driftsopplegg for heile året og system for å lukke avvik.
Erfaringar viser at driftskontrakter er godt eigna for forhandling, og at ein kan oppnå reduserte utslepp, godt samarbeid, mindre uklarheiter og generell
meirverdi. Målsettinga er å oppnå dette og ivareta Vestland sitt vedtekne mål om nullutslepp innan 2030.