Snøbrøyting og rydding
Fylkeskommunen har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet i Vestland, dette vert styrt gjennom driftskontrakter med entreprenørar. Statens vegvesen har framleis ansvar for nokre av kontraktene, og driftar desse på vegner av Vestland fylkeskommune.
Vinterdrift er viktig for å komme seg fram og for å ferdast trygt på vegane.
Snøbrøyting og rydding vil omfatte all brøyting og rydding som er omtalt i kontrakten som t.d.:
- Vegbane med vegskulder for køyrande
- Ferdselsareal for gåande og syklande
- Busslommer med og utan leskur
- Rasteplassar som er opne om vinteren
- Kontroll- og veieplassar
- Kvileplassar
- Kollektivtrafikkterminalar
- Landområde til ferjekaier
- Innfartsparkeringsplassar
- Snuplassar
- Havarilommer
- Kjettingplassar og strøsandplassar
Brøyteberedskap er ein del av denne oppgåva. Effektiv brøyting, snø- og isrydding med hyppige tiltak er eit viktig grunnlag.
Føremålet med snøbrøyting er å fjerne laus snø frå eit brøyteareal. Brøytearealet kan omfatte møteplassar, busslommer, rasteplassar, snuplassar, parkeringsplassar, gang- og sykkelfelt, fortau mv i tillegg til sjølve køyrebana.
Snøbrøyting vert vanlegvis utført med plog montert på ein lastebil. Traktor, høvel eller hjullastar kan også brukast som bæremaskin.
Snøbrøyting bør utførast under eller straks etter eit snøvêr. Det er viktig å etterstreve at snøbrøyting blir utført før periodar med mykje trafikk for å unngå at snøen blir køyrt ned til et snødekke som er vanskeleg å fjerne med plog. For å få best mogleg effekt av plogen bør brøytehastigheita ikkje vere over 40 km/t.