Bransjetreff 2024
Årets bransjetreff vart arrangert 15. februar i Bergen, og samla over 80 deltakarar frå entreprenør-, konsulent- og leverandørbransjen.
![Menneske sit i konferansesal. Mann på scene, med storskjerm bak der det står VLFK definerer fokusområde.](/globalassets/fylkesveg/media-2.jpg/LargeImage)
Første del av dagen var sett av til gjennomgang av prosjekt og aktivitet på fylkesvegane i Vestland frå 2024, med presentasjonar frå alle utbyggingseiningane og drift- og vedlikehaldsmiljøet i Vestland fylkeskommune.
Etter lunsj var temaet nye klima- og miljøkrav, og kva moglegheiter det vil gje entreprenørar, rådgjevarar og fylkeskommunen.
Dagen vart avslutta med ei panelsamtale, leia av Kjersti Granaasen, innovasjonspådriver, Leverandørutviklingsprogrammet (LUP).
![Seks menneske står side om side på ei scene'. På scena er det også fire runde, høge bord.](/globalassets/fylkesveg/media-3.jpg/LargeImage)