Stenger Dalavegen i neste veke
Fylkesveg 5613 vert stengd i svingen ved Sogndal Studentbarnehage frå måndag 28. oktober til torsdag 31. oktober.
Bakgrunnen for vegstenginga er skifte av ei stikkrenne som kryssar under vegen.
Gåande og syklande blir geleida forbi på oppsida av anleggsområdet. Bussar og utrykkingskøyretøy kan passere, medan andre køyretøy må finne alternative vegar desse dagane. Omkøyringsvegar kan vere Flugheimsvegen over Bjelde, riksveg 5 ved Kløv eller Leitevegen.
– Vi tilrår ikkje at fleire køyrer over Kvåle, for dette er ein skuleveg med mange mjuke trafikantar, seier byggjeleiar Trond Gjerland i Vestland fylkeskommune.
Fri ferdsel i Rutlinskrysset
Litt lengre oppe i Dalavegen har det i løpet av hausten vore anleggsarbeid i krysset til Rutlin. Arbeidet er no ferdig, og krysset har blitt mykje meir oversiktleg. Her er det no fri ferdsel.