Fjernar parkeringsplassar i Eidsvågveien

Varselet gjeld: 24.09.2024

Bussen slit med å komme seg fram når bebuarar parkerar langs vegen. I haust blir det parkeringsforbod.

I løpet av hausten må bebuarar som parkerer langs Eidsvågveien finne andre stadar å parkere. Det er fleire grunner til at parkering langs fylkesvegen ikkje fungerer bra for trafikkflyten rundt Eidsvågneset.

Vegen er smal i utgangspunktet, og med parkerte bilar langs vegen blir det enda mindre plass til passering for buss og bilar. Vegen er også hovudsykkelruta frå Åsane til Bergen sentrum, og den er omkøyringsveg når E39 er stengd på grunn av tunellarbeid eller ulykke.

Tryggare overgangsfelt

Mens parkering forbode-skilta blir montert kjem det òg på plass intensivbelysning ved overgangsfelta. I veke 40 startar arbeidet. Intensivbelysning gjer det enklare for bilistar å sjå om nokon kryssar vegen.

Når skilta er avdekka er det ikkje lenger lov å parkere langs fylkesveg 578 Eidsvågveien. Frå snuplassen ved Lønborg, rundt Eidsvågneset og fram til krysset Eidsvågveien-Eidsvågskoge n blir det ikkje mogeleg å bruke fylkesvegen som parkering lenger.

Rundt 50 husstandar bruker fylkesvegen som parkering.

— Ei løysing for dei som ikkje har parkeringsplass andre stader er å parkere i Helleveien, seier John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune.