Bytta bru på 50 timar!
Onsdag ettermiddag opna Nes bru etter å ha vore stengd sidan måndag. I denne tida hadde bygda Kandal vore isolert.
Etter planen skulle ikkje arbeidet vere ferdig før i løpet av natt til torsdag.
– Eg er skikkeleg imponert over innsatsen til arbeidsfolka og entreprenør Ottar Dvergsdal. Vi hadde lagt opp til eit ganske ambisiøst løp, men at dei klarte det før tida – det er ganske utruleg, seier ein letta prosjektleiar Bjørn Andre Storøy i Vestland fylkeskommune.
Onsdag klokka 16 opna dei vegen, men med nokre atterhald. Det vil framleis vere mykje arbeid på plassen, så alle som skal forbi må ringe entreprenør for å sleppe igjennom.
– Sidan dette i høgste grad er eit anleggsområde, må folk vise omsyn og ta seg tid når dei køyrer igjennom, oppmodar Storøy.
God erfaring
I løpet av dei siste 50 timane har det vore kontinuerleg jobbing ved Nes bru i Kandalen.
Så snart vegen var stengd på måndag vart den gamle brua riven, deretter vart dei nye ferdigstøypte betongelementa heist på plass, og fugene mellom dei støypte. Med grus på vegen kan trafikken no sleppast over brua på det inste køyrefeltet, medan det framleis blir jobba på utsida.
– Denne metoden, med å støype bruelementa på plassen, og deretter rive brua og heise dei nye fundamenta på plass, er det noko som kan gjerast andre stader enn her på Nes bru?
– Ja, det trur eg. Ved å gjere det på denne måten slepp vi vekesvis med stengingar på brua i samband med støyping og anna arbeid, og kan heller gjere det unna på eit par døgn, seier Storøy.