Lokal mobilisering mot doping
Arbeidet mot doping er ei viktig samfunnsoppgåve. Vestland fylkeskommune arbeider med dette i satsinga "lokal mobilisering mot doping".
Vestland fylkeskommune og stiftinga Antidoping Norge (ADNO) samarbeider for å mobilsere unge mot doping. Prosjektet rettar seg først og fremst mot elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring og mot lærarar og andre tilsette ved skulane. Det er også eit mål å inkludere førebyggjande mobilisering mot doping i kommunar i fylket.
Dopingbruk er eit samfunnsproblem. Gjennom gjensidig forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og ADNO, skal det drivast eit heilskapleg antidopingarbeid i fylkeskommunen. Det inkluderer planarbeid, tverrfagleg samarbeid, førebyggjande tiltak retta mot unge og kompetanseheving/opplæring av fagpersonar.
Hovudmålet er å gje unge menneske tilstrekkeleg kunnskap og informasjon til å avstå frå dopingbruk. Vidare at desse unge spreier haldninga om nulltoleranse til dopingbruk i lokalmiljøa sine innan idrett og i samfunnet elles.
Styringsgruppe for lokal mobilisering mot doping
- Fredrik Lauritzen – avdelingsleiar Antidoping Norge
- Knut Songve – organisasjonssjef for Vestland idrettskrets
Frå Vestland fylkeskommune
- Britt Karen Spjeld – seksjonssjef avdeling for kultur og folkehelse
- Hanne Espe – avdeling for kultur og folkehelse
- Kaja Renolen Haugen – fylkeskoordinator i Antidoping Norge/fylkeskommunen