Friskliv i Vestland fylke
Vestland arbeider for eit godt friskliv. Les vidare om dei ulike aktivitetane og satsingane som skjer i fylket.
Nettverket Friskliv i Vestland fylke
Frisklivssentralane i Askøy, Gloppen, Voss, Høyanger og Øygarden samarbeider med Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland for eit aktivt nettverk for frisklivssentralane i fylket. Nettverket er ein arena for fagleg oppdatering og erfaringsutveksling for tilsette i kommunar som arbeider med læring- og meistringstilbod.
Ta kontakt om du ønsker meir informasjon om komande hendingar, eller ynskjer å komme i kontakt med andre som deltek i nettverket.
Finn din frisklivssentral
Helsedirektoratet har ei nettside med oversikt over kommunar med etablerte frisklivssentralar. Finn oversikta over kommunane her.