Nettbaserte hjelpemiddel til eksamen

Her er oversikt over tillatne nettbaserte hjelpemiddel for skriftleg eksamen ved vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.

Elevar og privatistar i Vestland vil ha tilgang til nettressursane på denne sida på eksamen våren 2025. Ressursane vil bli strokne av lista dersom dei får funksjonalitet for KI, kommunikasjon eller liknande.

Vestland fylkeskommune tilrår at du så langt som mogleg lastar ned ressursar du er avhenging av og lagrar dei lokalt på maskina di. Det er ikkje mogleg å garantere at nettbaserte hjelpemiddel fungerer heile tida.

Ordbøker

Det er fleire ordbøker på listene. Du bør gjere deg kjend med fleire av desse. Under eksamen kan det vere stor pågang på nokre nettsider, det kan føre til at dei heng eller er treige. Å kjenne til fleire ordbøker vil gjere deg betre rusta for eksamen.

Dersom du har moglegheit til å laste ned ordbok som fungerar utan nettilgang, bør du gjere det. Alle elevar på Vestland fylkeskommune sine skular kan laste ned Ordnett Pluss gratis frå skuleportalen.

Du kan laste ned bokmåls- og nynorskordboka slik at den fungerer offline under eksamen, les meir om dette her ordbøkene.no

LEXIN-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar. Språkrådet har ikkje godkjent at LEXIN-ordbøkene i bokmål og nynorsk kan brukast i opplæring og på eksamen for andre elevar.

Nasjonal liste med nettressursar

Denne lista er felles for alle fylkeskommunar. Du kan lese meir om lista på Novari IKS sine nettsider.

Geogebra klassisk inneheld av algebrafelt, CAS, grafikkfelt, rekneark og sannsynsrekningskalkulator. Denne er tilgjengeleg utan KI og moglegheit for samhandling. Vi tilrår at du laster ned Geogebra før eksamen slik at du har tilgang til programmet offline, det kan du gjere på denne nettsida

NDLA sin praterobot er ikkje tilgjengeleg på eksamen.

Vestland fylkeskommune si lokale tilleggsliste

Alle nettressurasane krev at du har lisens eller konto. Kontoen må opprettast før eksamensdagen. Privatistar må sjølv opprette konto. Elevar i Vestland fylkeskommune vil ha tilgang til dei same nettressursane dei bruker i undervisninga og skal logge seg på med feide-brukaren sin.

For at Lingdys skal fungere på eksamen må du gjere dette: 

  1. Last ned programmet ned og logge inn i programmet før eksamen. 
  2. Bruk nettlesar Google Chrome
  3. Aktiver eller legg til Lingit Chrome Extension

Skrivestøtte vil ikkje fungere om dette ikkje er gjort.

Oppdatert 3. april 2025.