Viktig informasjon til kandidatar som brukar Mac under eksamen

Microsoft har utfordringar med siste versjon av Office for Mac. I siste versjon fungerer Word og Excel svært dårleg under eksamen. Sjå her korleis du endrar til ein eldre versjon før eksamen.

I siste versjon 16.85 fungerer Word og Excel svært dårleg med tanke på eksamensgjennomføringa. Kandidatane må sjekke kva versjon dei har av Microsoft Office, og sjølv endre til versjon 16.84 før eksamen. Under finst oppskrift til korleis ein gjer dette.

Slik endrar du til ein eldre versjon av Word:

  1. Skru av automatisk oppdatering i Word. (Trykk gå til Hjelp -> Sjå etter oppdateringar. I nytt vindauge, skru av "Hold Microsoft -appane oppdaterte automatisk".)
  2. Trykk her for å laste ned 16.84-versjonen av Word (Microsoft.com)
  3. Slett berre Word-appen på Mac-en, ved å dra den frå Finder til søppelkorga.
  4. Køyr Word-installasjonspakken som vart lasta ned.
  5. Etter at du er ferdig med eksamen, kan det vere lurt å skru på automatiske oppdateringar igjen.

Slik endrar du til ein eldre versjon av Excel:

  1. Skru av automatisk oppdatering i Excel. (Trykk gå til Hjelp -> Sjå etter oppdateringar. I nytt vindauge, skru av "Hold Microsoft -appane oppdaterte automatisk".)
  2. Trykk her for å laste ned 16.84-versjonen av Excel (Microsoft.com)
  3. Slett berre Excel-appen på Mac-en, ved å dra den frå Finder til søppelkorga.
  4. Køyr Excel-installasjonspakken som vart lasta ned.
  5. Etter at du er ferdig med eksamen, kan det vere lurt å skru på automatiske oppdateringar igjen.