Politiske møte denne veka
Det er møte i hovudutval for samferdsel og mobilitet og fleire andre politiske utval denne veka. Fredag 29. mai er det møte i fylkestinget. Dette er ein såkalla politikardag, med orienteringar om ulike tema.
Hovudutval for samferdsel og mobilitet 26. mai
Program og sakliste for møtet i hovudutval for samferdsel og mobilitet. Dette er eit digitalt ekstramøte, som startar kl. 08.30.
Følg møtet i nett-tv på denne lenka.
Klagenemnda 28. mai
Program og sakliste for møtet i klagenemnda. Møtet er på Voss vidaregåande skule og startar kl. 10.
Vestland ungdomsutval 28. mai
Program og sakliste for møtet i Vestland ungdomsutval. Møtet er digitalt og startar kl. 9.
Du kan følgje møtet i Teams på denne lenka.
Arbeidsutval for Vestlandsrådet
Program og sakliste for møtet i arbeidsutvalet for Vestlandsrådet. Møtet startar kl. 9.
Fylkestinget 29. mai
Program og sakliste for møtet i fylkestinget. Møtet er på Fagskulen i Vestland på Nordunes i Bergen og startar kl. 9.
Det er ikkje lagt opp til ordinær saksbehandling i dette møtet. Det blir orienteringar om desse temaa for dei folkevalde:
- folkevaldopplæring og eigarskap
- omstillingsprogrammet
- Mimir
- gåveregisteret
Reglementsutvalet 29. mai
Program og sakliste for møtet i reglementsutvalet. Møtet er på Fagskulen i Vestland på Nordnes i Bergen og startar kl. 13.