Søk TT-kort
Kven kan søke om TT-kort?
- Personar over 10 år som på grunn av funksjonsnedsetting ikkje kan nytte buss/bybane.
- Personar som har ei funksjonsnedsetting som venteleg vil vare i minst 2 år.
Personar som er blinde, sterkt svaksynt eller er avhengig av rullestol utandørs vert prioritert.
Korleis søkjer du?
Søknadsskjema til TT-kort (pdf)
Skjema som legen skal fylle ut (legeerklæring (pdf)
Begge skjema skal sendes inn til fylkeskommunen. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa må vere underteikna og stempla av din lege. Viss du er blind/sterkt svaksynt må det i tillegg legges ved dokumentasjon fra augelege/spesialist.
Du må laste opp legeerklæringa som eit vedlegg til det digitale søknadsskjemaet.
Kvoter for 2025
- Ordinær kvote: kr 5800
- Brukarar med særskild behov: kr 9860
- Blinde og rullestolbrukarar: kr 46 240
- Elektrisk rullestolbrukarar: kr 48 560
- I tillegg får brukarar som bur 20 km unna næraste servicesenter kr 1160 i tillegg.
Du får halvparten av kvota på kortet 1. januar og halvparten 1. juli. Ved godkjenning som brukar i løpet av året, vert kvota rekna frå den datoen du fekk vedtak om godkjenning.
Utvida kvote
Har din funksjonsnedsetting endra seg etter du fekk godkjend din søknad, kan du søkje om utvida kvote. Dette gjeld viss du er blitt avhengig av rullestol/spesialbil eller blind/sterkt svaksynt.
Sterkt svaksynte må ha ein visus på 0,33 eller lågare på begge augo. Det må dokumenterast frå augelege/spesialist, og leggjast ved søknaden.
Du kan sende inn søknad på tre ulike måter:
- digitalt søknadsskjema
- eDialog
- via posten
Digitalt søknadsskjema
Du kan nytte digitalt søknadsskjema der du logger inn via ID-porten. Dine personopplysninger vil automatisk bli utfylt. Du svarar på nokre spørsmål om din helsetilstand og laster så opp legeerklæringa. Ved å benytte dette digitale søknadsskjemaet mottek vi søknaden direkte i vårt sakshandsamingssystem. Dette er ei trygg måte å sende inn personopplysninger på.
eDialog
Når du har motteke legeerklæringa og fylt ut søknadsskjema (papirversjon) kan du scanne/ta bilete og laste dei opp via tenesta eDialog. Du må logge inn via ID-porten for å nytte denne løysinga. Dette er ei trygg måte å sende inn personopplysninger på.
Posten
Søknadsskjema og legeerklæringsskjema sendast ferdig signert og utfylt via posten. Denne innsendingsmåten vil ta lengre tid enn dei to andre digitale alternativa. Søknaden må du sende til:
Vestland fylkeskommune
Askedalen 2
6863 Leikanger
Kven behandler søknaden?
Fylkeskommunen gjer vedtak i saka. I tvilstilfelle nyttar administrasjonen ei legenemnd som rådgjevande organ. Du vil få melding om vedtak i saka så snart søknaden er ferdig behandla.